a tour of our home.

home.home.
no tenkte eg å endeleg visa fram på ordentlig korleis me bur! hjelp!

me bur i ein liten leilighet i eit kjempegamalt bygg i new cross i sør-aust london. me har budd her i snart to år, men enda føler eg at me driv og finn ut av det. om vinteren bur det mus i veggane, så me får ikkje ha smular i det heile tatt, og har etter kvart brukt innmari mykje stålull på å tetta igjen hol så dei ikkje skal komma seg inn. vindauga er store og slepp inn så mykje lys men er óg dårlige på å holda kulden ute. eg elskar denne leiligheten. det er så høgt under taket at den følast luftig sjølv om den er lita, og eg skulle ønska me kunne kjøpa denne og den under vår og laga ei gigantisk leilighet med snirkletrapper. omsider kjem me vel til å voksa ut av den, men enn så lenge har me det veldig bra her!

home.home.
straks ein kjem inn døra ser ein pulten til jostein. det er ein teak-pult fra 60-talet, og me betalte 50 pund for den. stolen høyrer til dei me leiger hos, sidan denne leiligheten er det som heiter semi-furnished. så eit par stolar, begge borda, ein lenestol, senga og klesskapet høyrer dei til. heldigvis er dei enkle møblar, men eg skulle av og til ønska me hadde ei bod me kunne setta ting me ikkje ville ha i. på skapet her har me fyrstikker i ei iittala-skål, stearinlys i ei glasskål fra new york-loppis og hundesamlingen min (har 7 hundar no).

home.
om ein står i døra og snur seg til venstre ser ein inn i stova.

home.
og frå sofaen ser hjørnet til jostein slik ut. glasskapet betalte me 40 pund for, og bildeveggen laga me på ein kveld, sjølv om innsamling av rammer og bilder tok fleire år.

home.
elskar den, for den er alt som me har vore og er og kjem til å bli.

home.
på glasskapet står det nokre fine ting, til dømes denne treboksen som er tic tac toe i gull. jostein fekk den av vennene våre til jul og det var den perfekte gaven til han.

home.
fra glasskåpet ser resten av stova slik ut.

home.
i vinduskarmen har me planter.

home.
og derfra ser det sånn ut igjen.

home.home.home.home.
detaljar:  på veggen mellom pulten til jostein og bokhylla har me ein liten bildekollasj som var det første me hang opp då me flytta inn. bokhylla er sortert i fargar over bordet, og under bordet er det kaos fordi jostein aldri får nok fagbøker. buketten min som eg er så kry for, og koffertane som står til venstre for sofaen og er oppbevaring. dei er litt store og svarte, men eg syns det er ein fin balanse til alt som kanskje er litt for søtt hos oss.

home.
her kan de sjå korleis layouten på stova er. mellom vindauget og sofaen har me kjøkenet! eit bilde av sofaen kan de sjå her. den er fra habitat.

home.
det er lite og koseleg. forrige helg pussa eg og jostein ned benkeskivene og olja dei med danish oil, og no er dei mykje finare enn dei var før.

home.home.
over vasken har me hyller til panner og sånt, og oppvaskstativet vårt er eit med kanin som eg kjøpte for femti kroner på maritabutikken i oslo. me likar å henga ting på krokar, og eg elskar min mintgrøne kitchenaid.

home.
i kroken til høgre for komfyren har me alt av glas og koppar, samt litt mat. likar at benkane våre er så djupe at det er plass til litt oppbevaring.

home.home.
den raude kaffikanna fekk jostein til jul. i boksen under har me knekkebrød. marmor-saken kjøpte me i new york, og boksen med skuffer kjøpte eg på loppis i berlin, den er full av nøtter og frø. både boksen til bestikket og saltbøssa er fra fretex på st.hanshaugen.

home.
på kjøleskapet er denne som eg no ikkje eingong tenkjer over at er der. me fekk den dagen etter me flytta inn då fredrik var på besøk.

home.
så, til soverommet! fra døra ser det sånn ut! til høgre for vinduskarmen er eit svært klesskap som ikkje er noko fint, og oppå det har me oppbevaring. her er mitt vesle jobbehjørne som eg brukar kvar dag og senga vår. dynetrekket er i økologisk bomull og er det finaste me har. så dyrt og så verdt det.

home.home.
i vinduskarmen har eg saker og ting. litt bøker, men mest sminke og hårgreier.

home.home.
mitt kontor! akkurat som eg drømte det då eg var tolv.

home.home.home.
over senga har me ein ny bildevegg. printet til høgre er det esra som har laga, elskar det, og til venstre er det filmplakat fra grand budapest hotel. alt mellom der er sånt eg har klipt ut av magasin. blomsterdynetrekket er fra cath kidston.

home.home.
til slutt: kommoden og dokkehuset, som no står på veggen til høgre i soverommet. bokhylla er ny og passar perfekt mellom klesskapet og kommoden. inni dokkehuset har me óg oppbevaring! og badet er ikkje så mykje å skryta av, det er beige og kjedelig. men over doen var det akkurat plass til ei ramme, så da fekk det vera det der.

*translation:
this is our house! we live in a very old building in new cross in south-east london. we’ve lived here for almost two years now, but i feel like we’re still figuring it out. there are mice living in the walls, so we can’t have any crumbs. the windows let in so much light but are also drafty. i love this flat so much, i wish we could buy the other flats in the house and stay here forever.

our flat is semi-furnished, so the white tables, the leather chair, our bed, our closet, are not ours but our landlords’. luckily they have good taste. jostein’s desk (the teak one) cost us 50 pounds, and we use it for storage. the mac works as a tv. on the glass cabinet we keep matches, candles and our collection of dogs (7).

the making of our image collections took us no time at all, but collecting the frames and cut-outs from magazines and prints has taken us years. the book shelf is sorted by colour above the table, under there is chaos also known as jostein’s text books. he needs so many. in the suitcases to the left of the sofa we keep things we don’t need that often. they are huge and dark, but i think they kind of balance out all the cute in our flat. you can see our sofa here, it’s from habitat.

out kitchen is cute and tiny. last weekend, jostein and i sanded the counters down and oiled them, and they look a lot better than they did. the read coffee pot was a christmas gift from jostein’s sister, the box with drawers is a flea find from paris and holds nuts and seeds. both the box with the cutlery and the salt box are flea finds from oslo. the marble things are from new york.

to the bedroom! our bedding is organic cotton from toast, and the desk is made from planks and legs off ebay. my desk is my big love, and my office is like what i had in mind when i was twelve and dreamt about the future. i keep shiny things in the window sill. above the bed is another picture wall. the print to the right is by esra røise, my friend and idol. to the left is a movie poster from grand budapest hotel. the floral sheet is from cath kidston. to the right of the window sill is our huge closet, and to the left of that is our new book shelf and doll house.

our bathroom is very beige and uninteresting. but, there was just enough room for a frame above the toilet.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *