a 10-9-8 list.

hungary

1 fint sitat
syns aziz ansari sa noko så morsomt og bra om feminisme:

if you believe that men and women have equal rights, and them someone asks you if you’re a feminist, you have to say yes. because that’s how words work. you can’t be like “yeah, i’m a doctor who primarily does diseases of the skin” “oh, so you’re a dermatologist?” “oh, that’s way too aggressive of a word, not at all, not at all”

oslo.

2 fine ting som har skjedd i det siste
har fått så mange fine jobbar i det siste, det skal bli det travlaste året i manns minne men eg gler meg meir enn eg gruar meg.
jostein og eg har jobba med, og er snart ferdige med, bryllupsinvitasjonane.

heartbeats.

3 ting som skremte meg som liten
byar.
å bli voksen og skulla flytta heimefrå.
å sova.

new york, day four.

4 kompliment til nokon du kjenner til gjennom internett
agnes er den mest oppfinnsomme, lure personen eg veit om.
diana er den beste på å finna linkar og inspirera meg.
mariell gjer så himla mykje spennande for tida med fotograferinga si, vil berre at ho skal bli plukka opp av eit superbra galleri og bli verdenskjent.
flora er den modigaste bloggaren eg veit om, og deler så mykje og så bra og er så viktig for mange.

thursday.

5 bloggar alle burde lesa
babes in boyland.
miss moss.
hejregina.
designlovefest.
bleubird.

synne.

6 ting eg hatar
laks. lukta, smaken, teksturen, alt.
når folk ikkje ventar med å gå på bussen/trikken/toget til andre har komt av.
betasuppe.
at sykkelen min er på reparasjon.
når folk ikkje klarar å la vera å ta telefonen/sjå på telefonen/sjekka snapchat/sjekka facebook. det gjer meg superstressa og at eg føler eg kastar vekk tid.
vanilje-cola.

oh me oh my.

7 ting eg ønskar meg akkurat no
denne vasen.
ein togbillett til paris.
ein pose espresso frå monmouth.
varme i golvet.
ein ordentlig fotobakgrunn med stativ.
ottolenghi sine kokebøker.
spaghetti med mozzarella til middag.

oslo.

8 ting eg vil gjera i år
prøva å laga surdeig.
ta bilder av bestemor med hasselblad-kameraet mitt.
ha synne på besøk.
utforska england meir.
sjå nøtteknekkeren.
spara pengar til bryllupet.
laga eit drinkskåp som alltid er klart til fine anledningar.
gå til tannlegen.

tuesday.

9 av mine beste tv-seriar
the honourable woman.
the office (us).
luther.
pushing daisies.
modern family.
parks and recreation.
downton abbey.
girls.
breaking bad.

lardal.

10 random fakta om meg
eg blir heilt umulig om eg blir trøtt, verkeleg ein forferdeleg person å bu med. ikkje fordi eg blir slem, men eg blir som ein trøtt unge som gjer alt kjempesakte og blir sur fordi eg må pussa tennene.

eg elskar hockeypulver og sorbetpulver og alt som er barnslig og smakar mykje.

då eg var 12 år gjekk eg meg vill på ein fisketur med pappa og søstra mi, og overnatta åleine på fjellet. eg sat i fjellsida nær tyin og kunne sjå politibilane nede på vegen, men kunne ikkje sjå hendene mine framfor meg. på morgonen banka eg på ei hytte, og dei som budde der hjalp meg å veiva til helikopteret. det eg hugsar sterkast er onkel som kom springande då døra på helikopteret opna seg.

eg tok piercing i underleppa på min 16-årsbursdag. tok bussen til sogndal med lomma full av pengar og no minnar den vesle prikken meg om at eg typ alltid har gjort akkurat som eg vil.

min første jobb var som avisbud, eg var superdårlig til det og når det var kaldt køyrte pappa meg rundt istadenfor at eg gjekk.

eg er superflink til å laga mat til meg og jostein, men om eg må laga mat til fleire så klarar eg det plutseleg ikkje og mistar alle skills (og sjølvsikkerheit), så helst lagar eg berre mat til oss to eller ilag med jostein.

det eg er tristast for at jostein har lagt ned veto mot på bryllupet er songen “my boo” på spelelista.

på bildet på bankkortet mitt er eg 17 år og har pannelugg i augene, og typ annakvar gong eg brukar det som ID i noreg får eg beskjed om at eg bør få meg eit nytt kort.

eg har sett alle episodar av the office minst ti gongar og kan nesten alle replikkar, siterar the office minst ti gongar for dagen. michael scott er mitt spirit animal.

om eg fekk velga ein person å ha te med skulle det vera lauren bacall.

liste lånt herfra.

 

*translation:
1 quote i like: if you believe that men and women have equal rights, and them someone asks you if you’re a feminist, you have to say yes. because that’s how words work. you can’t be like “yeah, i’m a doctor who primarily does diseases of the skin” “oh, so you’re a dermatologist?” “oh, that’s way too aggressive of a word, not at all, not at all” (aziz ansari) 2 nice things that have happened recently: i’ve booked so many jobs lately, it will be the busiest year but i’m more excited than scared. j and i have been working on, and will soon be finishing, the wedding invitations. 3 things that scared me as a child: cities. growing up and moving out. sleeping. 4 compliments to someone i know through the internet: agnes is so clever and original, she has so many good ideas. diana is the best at finding links and inspiring me. mariell is doing incredibly photography work, i’m so excited for her and want her to get picked up by some awesome gallery and become world famous. 5 blogs everyone should read: smitten kitchen. miss moss. hejregina. desinglovefest. bleubird. 6 things i hate: salmon; the smell, the taste, the texture, everything. when people don’t wait for people to get off the bus/tram/train before they get on. beta soup, a kind of minestrone that i irrationally hate. the fact that my bike is still being repaired. when people can’t not answer the phone/look at their phone/check snapchat or facebook. it makes me really stressed out and feel like i’m wasting my time. vanilla coke. 7 things i want right now: this vase. a train ticket to paris. a bag of espresso from monmouth. warm floors. a real photo background. ottolenghi’s cook books. spaghetti and mozzarella for dinner. 8 things i want to do this year: try to make sourdough. take pictures of my grandmother with my hasselblad. make synne come visit us. explore more of england. see the nutcracker. save up for the wedding. make a drinks cabinet that is always ready. go to the dentist. 9 of my favorite tv shows: the honourable woman. the office (us). luther. pushing daisies. modern family. parks and recreation. downton abbey. girls. breaking bad. 10 random facts about me: i’m impossible to be around if i’m tired, really just horrible; i don’t get mean, i just get like a child doing everything so slowly, being pissy about things like having to brush my teeth. i love all kinds of childish candy, like sherbet powder. when i was 12 i got lost in the mountains, and spent a whole night alone in the middle of nowhere, and i could see the police cars looking for me the whole night. on my 16th birthday i got my lower lip pierced, and now the scar reminds me of how i’ve really always just done my own thing. my first job was as a newspaper salesgirl, which i was horrible at and my dad had to drive me around when i was too cold. i’m really good at cooking for me and jostein, but as soon as i have to cook for more people i freeze and lose all my skills. i’m really sad that jostein has vetoed the song “my boo” from our wedding playlist. on my ID card, i’m 17 with bangs over my eyes and every other time i use it the person behind the counter tells me to get a new one. i’ve watched every episode of the office ten times at least and i know almost all the lines, i probably quote it ten times a day. michael scott is my spirit animal.

list borrowed from here!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *