the goldfinch.

the goldfinch.

utan tvil den beste boka eg las i fjor (kanskje heile livet) var the goldfinch av donna tartt. eg brukar aldri å lesa bøker som er så lange, men etter å ha sett eit intervju og lest om forfattaren bestemte eg meg for at eg var klar. det tok meg to månader, på fly til new york, ved east river, på toget i london, i senga, i eit vinterdekt sogn og eit grått oslo, og eg elska alle 864 sider. eg elska den i fillebitar (som de kanskje ser).

the goldfinch handlar om theodore decker sitt liv (han er tolv år når boka startar), og korleis det dramatiske tapet av mora hans formar kvar einaste lille bit av livet hans deretter. boka handlar om tusen ting samtidig og skildrar alt med like mykje respekt og tyngd, den er så velartikulert men aldri utdatert i språket, og er like mykje spennande som den er vakker. eg ville aldri at den skulle ta slutt, eg sørga den frå starten av. og meir enn det vil eg ikkje sei. for eg vil at du skal lesa den, om det så tek deg heile året.

obs: om du vil ha meir informasjon om innholdet i boka, la óg sandra ut eit blogginnlegg om goldfinch forrige veke! så rart og morsomt når bloggverda er så samankøyrt og ein les og ser på det same. 

*translation:
the goldfinch by donna tartt was the best book i read last year, possibly ever. i fell completely in love with it, and i am now mourning not ever reading it for the first time again. it’s about so many things, written so masterfully and is as thrilling as it is beautiful. i never wanted it to end. read it. if it takes you all year, just read it. 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *