NYE.

HNY.HNY.HNY.HNY.HNY.
min nyttårsaftan vart ein heilt annan enn eg hadde tenkt da vegen over fjellet vart stengt og eg plutseleg vart innelåst i sogn. kanskje var det like greit, sidan eg etter kvart fann ut at eg har bihulebetennelse, så det vart ei veldig rolig nyttårsfeiring med jostein og foreldrene hans. me åt pinnekjøtt, drakk pappa sitt øl og hadde kaffeslaberas. jostein og eg sneik oss bort i gamlahuset for litt ro og gin&tonics, også vips var det midnatt og masse stjerneskudd. det er så lite fyrverkeri i lærdal at ein får laga det sjølv ved å tenna tett med stjerneskudd. etter midnatt vart det stilt, og me tok fram ei flaske med bobler og snakka om året som var gått. det var langt unna oslo-nyttårsaftan med drinkar og venner som eg hadde planlagt, men fint likevel. det er jo tross alt berre ein dag!

 

*translation:
my new year’s eve was quite different from what i had planned when the road across the mountain had closed and i was locked in. maybe it was destined to be that way, since i ended up with a sinus infection, so i had a very quiet night with j and his parents.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *