2014-lista.

NYC.

gjorde du noko i 2014 som du aldri har gjort før?
starta å skriva på barnebok, bygde ein benk, posjerte pærer og gjekk frivillig på sci-fi-kino.

vart nokon av vennene dine foreldre i år?
nei, men begge søskena til jostein. er så takksam for det, det er jo det finaste som finst å vera tante.

kva land besøkte du?
norge, frankrike og usa. var i paris to gongar og ganske mykje i noreg igrunn.

my birthday in paris.

er det noko du manglar i år 2014 som du vil ha i 2015?
økonomisk stabilitet. førerkortet. skikkelige vinglas. giftering.

kva dato frå 2014 kjem du alltid til å hugsa?
hugsar ingen datoar utanom i dag, liksom. er så dårlig på sånt.

kva var din største karrieremessige framgang?
eg tjente meir enn i fjor. det føles bra å vita at det går oppover og framover på den fronten, samtidig føler eg litt at eg har vore feig og mest berre tatt på meg oppdrag og litt gløymt å pusha meg sjølv. heldigvis er eg proppfull med planar for neste år og kan nesten ikkje venta med å starta med alt for å liksom rekka over!

Untitled

og den største framgangen privat?
at eg og jostein er nærare enn aldri før, meir tålmodige med kvarandre og kjenner kvarandre enno betre. det tek eit heilt liv å bli utlært på eit anna menneske. det er så takksamt.

kva brukte du mest pengar på?
utan tvil reisa til new york for å feira ti år med jostein. så himla verdt det, ein skal jo feira store ting. også ny macbook pro då min berre vart kaputt i sommar.

var du gladare eller tristare samanlikna med i fjor?
begge deler. 2014 var i det heile tatt eit ganske blanda år der det ikkje skjedde så veldig mykje nytt. det nye året kjem til å stå i sterk kontrast.

nyc.

kva skulle du ønska du hadde gjort meir?
slappa av, lese, drukke raudvin på ein onsdagskveld.

vart du forelska i år?
i fjor, i år, neste år.

den beste tv-serien?
downton abbey, parks & rec, orange is the new black, house of cards, true detective.

dei beste bøkene du las i år?
goldfinch, det blir aldri lyst her, mykje av helle helle.

beste filmen du såg i år?
interstellar var fantastisk. her. enough said. mykje hitchcock og woody allen.

kva matrett år du oftast i 2014?
åt mykje jostein si linsegryte som ein et med pitabrød, granatepler, raudlauk og koriander. så vanvittig godt. det var óg eit halloumiburger-år, og året der me åt all søtpotet me kunne komma over. eg åt óg fish finger sandwich med brioche minst ein gong i veka.

10351583_10152889591070867_101836570284433434_n

noko du ønska deg og fekk?
brudekrona som eg hadde sørga også komme meg over sidan den var altfor dyr. så låg den under juletreet frå jostein og familien hans og eg var skjelven og rar i ansiktet. kan framleis ikkje tru det!

kva gjorde du på bursdagen din i 2014?
jostein og eg var i paris nokre dagar, budde på hotell og hadde det veldig fint. på sjølve bursdagen opna eg små gåver i senga, eg fekk han til å lova at han ikkje skulle kjøpa gåver fordi me reiste til paris, så vandra me gatelangs heile dagen og var heilt utslitte på kvelden, slik at me egentlig burde ha bestilt ein pizza og sett film i senga men istaden skulle gå på kul restaurant der det såklart ikkje var plass og eg fekk bursdagshjartet litt knust. to tårer etterpå drakk me vin og åt bouef bourgignon på restaurant. sånn er bursdagen min ofte, alle kjensler i verda og lite sjølvinnsikt.

høgste ønske akkurat no?
at bryllupsinvitasjonane skal skriva og senda seg sjølv. at det skal trilla inn med oppdrag.

Untitled

finst det noko som skulle gjort livet ditt enda betre i år?
meir styr på ting, det har vore eit sånt midtimellom-år, og det har måtta vera slik, men eg trivst så mykje betre med litt oversikt. og meir rom for kreativitet og ikkje berre skaping. gler meg til å ta med meg hasselblad-kameraet mitt tilbake til london og bruka det litt her og der.

kva fekk deg til å ha det bra?
jostein som lar meg ha føttene i fanget hans, å sjå deigar som heva, å takka ja til jobbar eg egentlig var litt redd for og bygga porteføljen min som det eg i botnen av meg sjølv er: fotograf. skype.

kven sakna du?
mormor, som gikk bort i vinter. det er som oftast altfor vanskeleg å faktisk få hovudet rundt at ho ikkje er her meir. av og til, på toget, kan eg plutseleg få eit flash av ho som ler og det knuser hjartet mitt kvar einaste gong. også sakna eg vennene mine i noreg som eg ser så altfor sjeldan.

siv & kjell sindre.

kva er du mest stolt over?
å ha satt ein dato for bryllupet og klart å verkeleg finna ein bryllupsmodell som passar oss. det var ikkje så enkelt, og har ikkje vore så enkelt for folk å forstå, men eg er så glad for at me gjer det på den måten som er best for oss to.

*translation:
my summary of 2014! which i’m a little too busy to translate right now due to my chocolate mousse job!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *