42 Qs+As.

in the mail.

kva fekk du mest kjeft for som born?
hugsar ikkje, men tippar for å ikkje rydda rommet mitt og å plaga lillesøstra mi.

kva ser du fram imot kvar veke?
fredagskveld med jostein, da er me så herleg late og ladar opp til helg.

når var sist gong du gjekk deg vill?
det er ganske lenge sidan! iblandt ladar telefonen min ut i london også veit eg ikkje heilt korleis eg skal komma meg heim, men det går alltid bra. då eg var 12 år gjekk eg meg derimot vill på eit fjell og måtte hentast med helikopter morgonen etterpå.

kva er tre realistiske mål du har for livet?
få masse babies, eiga ein bustad og skriva ei barnebok.

om du opna kjøleskapet akkurat no, kva skulle du sjå?
grautrestar, vatn (det er lunka i springen her), ei flaske champagne, minst seks forskjellige typar sennep, valrhona guanaja som eg skal ha med heim til jul, bringebærsyltetøy.

kva treng du akkurat no?
ein kopp te med mykje honning, har så vondt i halsen. og lunsj.

kva moderne teknologi tek opp mest av tiden din?
kameraet mitt og mac.

skriv om noko du har kjøpt brukt.
kjøper jo veldig mange greier brukt, men ein favoritt er porselenshundsamlingen som berre veks og veks til ein stor hundefamilie.

kva er den første tingen du gjer når du vaknar kvar morgon?
slumrar på brystkassa til jostein.

har du nokon gong budd i eit anna land enn der du er ifrå?
har såvidt budd i paris, også bur eg sjølvsagt i london no.

grey monday.

skriv om ein suvenir du har kjøpt eller fått.
før eg flytta fra paris kjøpte eg eit eiffeltårn som no står i bokhylla. også har eg ein liten raud dobbeldecker!

kva er den største stresstriggeren i livet ditt?
tid og rot. for mykje og for lite.

kva var den siste tingen du las, høyrte eller såg som inspirerte deg?
var på anselm kiefer-utstilling i helga, vart så inspirert og rørt av det og hadde ikkje trudd at eg skulle bli det.

kva har du oppnådd i år som du er stolt av?
har komt ajour med pengar, altså eg har komt forbi det punktet der eg både har betalt ein masse restskatt og ein masse forhåndsskatt kvart år, så det bør bli enklare dei kommande åra. har vore så vanskelig å tjena mykje pengar også ikkje kunna bruka dei, men det kjem til å bli verdt det og føles veldig bra.

skriv om noko du har i lommeboka di akkurat no som er rart.
eg har eit foto av christine som 12 år og eit foto av faren til christine. har ingen andre bilder i lommeboka, har hatt dei der i rundt tre år. eg fikk dei av ho i ein julekalender og berre putta dei inn i lommeboka!

har du tatoveringar? når og kvifor tok du dei?
eg har eit hjarte på håndleddet som eg tok i 2010, i bursdagsgåve til jostein. sara var med meg på oslo ink, og han som tatoverte meg snakka ikkje norsk eller engelsk.

kva var den siste tingen du søkte på på internett?
“diy nail stickers”

korleis er du egoistisk?
seier ofte nei til jobb og sosiale invitasjonar for å passa på meg sjølv. trur det er motreaksjon på å ha verdens snillaste foreldre som har sut for så mange.

kva tek for lang tid?
bussen mellom oslo og sogn. å karamellisera lauk. å bli frisk igjen fra denne forkjølelsen.

når var sist gong du var våken heile natta?
ei natt me var hos mariell og drakk vin med ho, maja og philip. og plutselig hadde heile natta gått og me tok morgontoget heim.

new york.

kva var den siste gåva du gav til nokon?
eg gav jostein eit skikkelig fint par sokkar frå paul smith i helga, som adventsgåve.

hatar du noko mat som folk flest likar?
raud fisk, reker og sushi. typ all sjømat. orkar ikkje å tenka på det eingang!

om denne veka hadde eit tema, kva tema skulle det vera?
“gjera alt som må gjerast, pakka til noreg pluss levera romanutkast før fredag”

kva må du gjera denne veka som du helst skulle sluppe?
betala mva. :'(

kva seier kleda du har på deg akkurat no om deg sjølv?
“eg er sjuk” aka eg sit i pysj og ullgenser og jobbar! mariell kjem på middag, så eg må nok ta på meg noko meir passande før den tid.

har du nokonsinne blitt venner med eller forelska i nokon du har møtt på internett?
møtte jostein over internett! :’) og sara! og mariell og esra og carrie og mange fleire fine folk som er av mine næraste venner.

kva stoppar deg frå ei god natts søvn?
ingenting i desse dagar! er så takksam for det.

kva var det første du nokon gong sparte pengar til å kjøpa?
pocahontas på vhs.

kva er eit smykke du eig som du bryr deg ekstra om? kor kom det ifrå?
eg arva ein ring etter mormor, den brukar eg kvar dag. også forlovelsesringen min, såklart, men den er akkurat no på fiksing hos dior i paris.

korleis roar du deg ned når du er stressa?
eg pustar også skriv eg lister for å få oversikt og perspektiv nok til å kunna gjera noko med det.

skriv om ein gong du knuste noko.
hugsar eg var kanskje 12 og knuste mamma sitt barneservise, eit sånt sirlig fint eit med “flink pike” på. hugsar framleis kor trist ho såg ut då ho fann det ut.

kva er din favorittfrukost?
akkurat no: blautkokt egg på surdeigsbrød. omnomnom.

korleis vil du at livet skal vera som pensjonist?
GØY. sherry og bridge og reality-tv.

jetlag wednesday.

kva tema er viktigast for deg når du stemmer på eit parti?
miljø og likestilling.

kva dato som skal komma ser du fram imot?
bryllupet vårt i juli i neste år!!! åh.

spelar religion ein viktig rolle i livet ditt? kvifor eller kvifor ikkje?
nei, ikkje anna enn eit diskusjonsemne igrunn. har vakse opp utan religion og syns det er godt og fritt.

kor reint er huset ditt akkurat no?
ikkje i det heile teke. omtrent akkurat som ein skulle trudd om ein heim der det jobba og budde to forfattarar.

er det noko du er snobbete om?
syns det er vanskeleg å definera, men om eg skulle velga ein ting fekk det bli kjøtt. vil absolutt ikkje eta dårlig kjøtt

resirkulerar du?
ja, men her i england er det litt rar resirkulering: restavfall og alt som kan resirkulerast. altså kastar ein papir, plast, glas og metall i samme dunk.

kva er din favorittdessert?
sjokolademousse eller tiramisu.

syns du det er viktig med bordmanerar?
JA. altså får så vondt i meg av det når folk brukar telefonen ved bordet, det er typ det verste eg veit. er ikkje så dødens nøye med andre ting, bestikk og sånt, sjølv om eg prøver mitt beste å oppføra meg om det er ein fin anledning. eg syns igrunn det er fint når alle prøver sitt beste å gjera det koselig rundt bordet.

kva fyller bokhylla hos deg?
altfor mange bøker! me må kjøpa meir hyller no!

*translation:
42 Qs and As!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *