a mini christmas guide to london.

desember

her kjem ein liten førjulsguide til london! akkurat den som eg skulle villa ha om eg ikkje budde her og skulle hit ein snue i desember.

juleland på liberty’s
liberty’s er det finaste varehuset i heile london, og til jul forvandlast fjerde etasje til julehimmelen med så mange julekuler og alt som høyrer jul til. det er óg ein superbra plass å kjøpa gåver, eg likar spesielt godt kjøkkenavdelingen og sjokoladebutikken.

matilda
finaste musikalen i covent garden. me sat bokstavlig talt på bakerste rekke og hadde det heilt fortreffelig, så det er heilt trygt å kjøpa dei billigaste billettane.

skøyter på somerset house
som eit london-rituale for mange britar i desember! eg syns det ser himla skummelt ut, men sikkert gøy om ein likar sånt. dei har óg separat mini-bane for ungar.

pierre hermé
mine beste makronar har komt til covent garden, og i juletider har dei med pepperkakesmak!

ripe tomato
fantastisk italiensk mat i notting hill. eg går alltid for trøffelpastaen.

for resten av mine london-gullkorn, kan du kjøpa guiden min her

*translation:
some tips for you if you’re coming to london in december: the christmas world at liberty’s, the musical matilda, the skating rink at somerset house, the macarons at pierre herme in covent garden and the truffle pasta at ripe tomato in notting hill.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *