sunday list.

new york, day one.

sei noko som gjorde deg glad i går:
eg drakk ein libanesisk raudvin på middag (har vore på åmot operagard sidan onsdag) som fekk meg til å le fordi den var så god. også har eg fått vore med på eit sjukt morsomt prosjekt, tatt bilder til ei bok om kvinner og jakt. alltid gøy å jobba med kreative folk og føla at ein får det til.

kva gjorde du klokka 8 i dag tidlig?
sov. <3 me åt ikkje frukost før klokka 10, og eg sov og sov og sov.

kva gjorde du for 15 minutt sidan?
gjekk gjennom sikkerhetskontrollen på gardermoen.

det siste du sa høgt?
kan eg få eit glas vatn?

det siste nokon sa til deg?
ja! det står der borte.

kva var det siste du åt?
ein croissant med ost og skinke, på le grand comptoir på gardermoen.

new york, day one.

kva var det siste du kjøpte?
croissanten, ein cappuccino og ein brunost som eg skal ha med til amerika.

kva farge er det på ytterdøra?
kvit.

kva er det slags vær hos deg no?
regn! er litt nervøs for denne flyginga, flyr først til heathrow og plukkar opp jostein også stikk me til new york i kveld!

beste issmak?
lakris, og mint chocolate chip.

søv du tungt?
varierar veldig, men akkurat no søv eg veldig tungt.

new york, day two.

har du mareritt?
veldig sjeldan.

kva ser du om du ser til høgre?
ein mann som sit på kafé.

høgre- eller venstrehendt?
høgre, men venstrehendt når eg et, altså gaffel i høgre handa.

favorittsnop?
lakris og sjokolade, gjerne i kombinasjon.

kor mange puter søv du med?
om eg får viljen min søv eg med alle fire, men av og til vil jostein ha sine eigne to óg. :)

morgon- eller nattmenneske?
formiddag og ettermiddag!

kva er viktig for deg?
jostein jostein jostein.

new york, day four.

er du kittlig?
om tantebarna spør: nei. men ja.

snorkar du?
berre når eg er forkjøla.

rotete eller ryddig?
rotete med potensiale.

kva gjer deg glad?
at livet går så bra akkurat no. jobbar med så mykje fine folk og får vera kreativ, og planlegg bryllup med mine beste menneske rundt meg.

kva var ditt beste fag på skulen?
engelsk, norsk og samfunnsfag.

beste grønnsak?
paprika, avokado og løk. elskar løk meir enn det som er rasjonelt.

kva er det beste med søndagar?
at marked er åpne, at ein ikkje må jobba men kan om ein vil, at det ligg forventning i lufta til veka som skal komma.

 *translation:
it’s a sunday list. i’m travelling through london from norway to new york today! 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *