some thoughts on october through my phone.

oktober vart den stillaste instagram-månaden i heile år. nettopp fordi det har skjedd så mykje at eg ikkje har kunna stoppa opp og dokumentera. me starta månaden i nordfjord, på premiere for operaen som jostein hadde omsatt. så filma me musikkvideo på fjellet med nokre av våre næraste venner, før me endeleg fekk komma heim til london att. ein svipptur til skottland for å vera barnevakter. og ein jobbtur til norge. alt stresset har hatt litt motsatt virkning på meg, og det gjer meg heilt rolig for framtida. for kvar stressfylte periode eg og jostein taklar med å vera rause med kvarandre og gi kvarandre det som trengst blir eg så glad for framtidsmariell og framtidsjostein.

norway this evening.perfect october reading.
oktober starta i nordfjord, på operapremiere. eg gjekk kveldstur med nevø i vogn medan foreldrene var på opera, også las eg denne boka i senga.

spending one night in our little old house, everything is so perfectly autumny.the past few days we've been shooting a music video in the norwegian mountains. today we woke up to snow! ❄️
me fekk ei natt i mitt favoritthus, gamlahuset, og det var så vakkert. så spelte me inn musikkvideo midt på fjellet, og vakna til snø ein dag.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Så fin oktober! Veldig imponert over kor bra de taklar stressfylte periodar med mykje jobb og oppdrag. Så er det heller ikkje noko som slår følelsen av å ha takla slike periodar, og likevel at ein har klart å ta vare på både seg sjølv og andre ein er glad i :-) God laurdag!