bergen through my phone.

bergen.
fredag flaug eg til bergen, det var så fin utsikt frå flyet og eg hadde heile rada for meg sjølv. <3

bergen.
eg kom fram til mini-flaske med musserande, sjokolade og blomar. folk er så fine at det nesten ikkje går an. på kvelden åt eg pizza med veslesøster også såg me alle tv-program i verda fra hotellsenga.

bergen.
morgonen etterpå åt eg alt i frukostbuffeten.

bergen.
så starta dagen min! eg tok bilder av ingvild og askil sin fine dag.

bergen.bergen.
og undervegs sendte eg bilder til jostein av bilder, som eg alltid gjer. <3

bergen.bergen.
i min vesle pause las eg aviser og bok, og drakk te og åt sjokolade.

bergen.
så var det vidare mot fest og middag! ein sååå fin dag, med sååå fine folk.

bergen.bergen.
og her er forresten ein før og etter. tolv timar bryllupsskift gjer meg til gelé i kroppen.

bergen.
morgonen etter møtte eg ein søt liten familie som eg tok bilder av i nygårdsparken etter ein cappucino frå togstasjonen. det var mine tre dagar i bergen, tungt prega av arbeid og óg ganske prega av hotellivet.

*translation:
i spent the weekend in bergen, where i had dinner with my sister, shot a wedding and also a small family.  

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *