a thursday list.

Untitled

kven var di favoritt-spice girl?
emma, always and forever. mest fordi me begge hadde blondt langt hår, såklart.

kva var din favoritt-teikneserie som born?
donald duck. <3

støttar du eit fotballag?
kan ikkje sei at eg gjer det, altså, sjølv om eg overraskar meg sjølv ved å bry meg av og til.

kva har du på deg?
blomsterkjole, svart strømpebukse, svart cardigan med perler på.

favorittspel?
eg elskar å spela kort, men likar óg brettspel som besserwisser.

kva er din verste vane?
å gå på whole foods svolten. aldri ein god idé. eg blir så fattig og armane mine blir veldig lange på veg heim.

kva er det verste hotellet du nokon gong har budd på?
hugsar ikkje kva det heiter, men eit i kensington forrige gong me bytta leilighet, det var det verste. me hadde ingen vindauge, så det var umogleg å sei kva tid på døgnet det var, og sidan det ikkje var ventilasjon anna enn AC endte me opp forkjøla, begge to.

favoritt-frukostblanding?
heimelaga med pekannøtter, hasselnøtter, mandlar, masse frø, honning og havregryn.

om du skulle forføra ein potensiell elskar, kva musikk skulle du spela?
chet baker.

nokon gong teke syre?
nope. lite anna enn b-vitaminer.

når er siste gongen du sprang så fort du kan?
forrige gong eg skulle reisa fra oslo måtte eg springa til bussen, med kofferten på slep. eg kom akkurat med på bussen og sveitta omtrent av meg alt håret. då sat det ein blogglesar der og smilte til meg som var så raud og heseblesande. :)

kven er den mest berømte personen du nokonsinne har møtt?
veit ikkje, blir typ aldri starstruck, så eg har vanskelig for å hugsa sånt. ser alexa chung av og til, stephen fry, random film- og tv-personar. såg roger sterling fra mad men på gata for nokre veker sidan. det var fint.

ville du teke ei øl med kanye west?
absolutt.

om du fekk velga besteforeldrene dine, kven skulle det vera?
lauren bacall og humphrey bogart.

*translation:
a thursday list.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *