a friday in oslo.

oslo.oslo.oslo.oslo.
fredag, den første dagen jostein var i oslo, starta me morgonen med sara på java. me drakk fantastisk kaffe og åt sandwich med brie og salami, nomnomnom.

oslo.oslo.oslo.
eg og jostein gjekk mot sentrum, via vår frelsers gravlund, for å gjera kjedelige ærende og shoppa mange bøker på tronsmo, samt snakka med dei fine folka der. dei hugsa oss der, sidan me solgte så innmari mange magasin der den tida eg var magasinredaktør. etterpå gjekk me på stockfleth’s ved tinghuset der dei har ein heilt fantastisk frappe (laga med fløyte), og sat der og las lenge lenge.

oslo.oslo.
utanfor tinghuset kunne ein godt sjå at det hadde vore bryllup.

oslo.
me pilte heim kjapt for å eta nokre brødskiver med <3 italiensk salat <3.

oslo.oslo.oslo.
me skifta om og spratt ut døra igjen, for å treffa søstra til jostein med familie.

oslo.oslo.oslo.
me kjøpte softis hos gutta på haugen (den beste eg har smakt, med lakrispulver), me gjekk opp på toppen og såg utover byen.

oslo.oslo.oslo.
så reiste me heim til dei, åt masse ost og anna digg med broren til jostein og hans familie óg, og sat ute til det ikkje gjekk an lenger. og det var den fine fredagen i oslo!

 

 *translation:
our friday in oslo. we started with breakfast at java with sara, then we went book shopping and coffee drinking before heading home for some lunch and a change of clothes. we met up with j’s sister and her little family, we had soft-serve ice cream and walked around to make the baby fall asleep. then we went home to their house, where we were joined by j’s brother and his family as well, and we ate a lot of cheese and other delicious things. and that was our lovely friday in oslo!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *