summer, bits & bobs.

summer.summer.summer.summer.summer.
det blir litt oppsummering no, sidan eg har lyst til å bli ferdig med norgessommaren og ikkje ligga så langt bak i bloggingen! så: synne var her ei langhelg, me drakk så mykje kaffi og åt så mange bær og sat mest i hagen og las bøker, filma kvar minste lille ting, planla store ting, og flytta teppet etter sola så me fekk kvila oss i skuggen.

summer.summer.summer.
mamma, pappa og bestemor kom på besøk, me åt pizza i hagen og hadde kaffeslaberas i gamlahuset.

summer.summer.
mikla låg varm og lat på kjøkenet.

summer.
me drakk espresso og såg på hestane utanfor kvar morgon.

summer.
eg åt tress-is i senga og såg på tv åleine.

summer.
jostein og eg spelte idiot i hagen.

summer.
fetterane til jostein kom på besøk for å gå på fjelltur.

summer.
også tok me bussen til byen igjen.

*translation:
the last little pieces of summer.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *