Q&A, three.

we went to the mountains today.

det er dei siste dagane våre i sogn no, og me fyller dei med å bygga og fiksa ting, ha folk på besøk, la spredaren blauta oss ut, eta moreller, klappa hundar og drikka mykje te frå den nye tekanna vår. snart er eg tilbake til normal drift med redigeringsprogramma mine og lignande, i mellomtiden passa det jo fint å svara på litt spørsmål. biletet over er ifrå før i dag, då me stakk på hytta på filefjell for å setta opp hyller og eta medbrakt salat. ganske bra utsikt. det skal bli så fint å kunna bruka kamera-fotos igjen, men alt i si tid.

har du noen bøker på nynorsk å anbefale?
såklart! popsongar av frode grytten. få meg på, for faen av olaug nilssen. vente, blinke og knutar av gunnhild øyehaug, fugletribunalet av agnes ravatn. alt av anna gavalda. just kids av patti smith.

hva er det viktigste å få med seg dersom man er i indre sogn ei helg?
oi! indre sogn er jo veldig begrensa, men for sogn: bokbyen i fjærland med lunsj på fjordstova, bruktbutikkane på gamleøyri i lærdal, ciderhuset i balestrand (eller ihvertfall ei flaske balholm på vegen), natur og fjell i årdal (hjelle, avdalen og vetti), is på ei ferje, bær bær bær.

blir du lei av bloggen noen gang?
av og til, spesielt no om sommaren når eg mest er for varm til å tenka og eg får nesten ingen kommentarar sidan alle andre er ute i sola óg. då dabbar det jo veldig av, men eg veit heldigvis at det går over så snart hausten er i lufta.

hvordan lagrer du bilder og tekst? bruker dere en av de “skyene” eller usb? ble boken skrevet som en lang tekst eller flere små?
har timemachine på ein stor harddisk, drøymer om ein server eg kan overføra filer til via wifi. det er neste steg! me skreiv boka i rykk og napp, eitt kapittel her og eitt der og setningar som me skreiv på telefonane våre. det er absolutt ikkje ein organisk prosess, sjølv om det sjølvsagt er illusjonen ein strebar etter.

har du og jostein samme døgnrytme? husker du for en tid tilbake fortalte at du hadde begynt å stå tidligere opp, gjør du enda det?
me har nesten nøyaktig den samme døgnrytmen, utanom at eg søv mellom 15 og 30 minutt lenger enn han, sidan han lagar frukost kvar dag. no i ferien står eg opp rundt klokka 9, mens vanligvis står eg opp før 8. det er så herleg.

hvordan kler du og jostein på dere? ikke den fysiske handlingen i seg selv, men hvordan finner dere ut hva dere vil ha på den dagen? har dere forslag for hverandre, eller innspill?
oi, for eit fint spørsmål. eg jobbar i pysjen fram til lunsjtid nesten kvar dag, og etter det kler eg på meg heilt i det stille og utan at jostein er involvert. eg har veldig lite klede, så det er veldig lett å finna fram til eit antrekk. det er meir som å ta på seg ein uniform, liksom. jostein, derimot, har typ ein million sløyfer og vil alltid ha innspel på akkurat det. <3 kanskje om me skal på fest kan jostein sei “kan du ikkje ha på deg den brosja/hatten/sløyfa” og da gjer eg nesten alltid det.

hva koster det om du skal lage et bloggdesign? hvor lang tid bruker du på et design?
dei fleste bloggdesign eg lagar no kostar eit par-tre tusenlappar (pluss mva). om alt er på plass før eg startar (bilder som skal brukast på sida, domenet, tekst osv.), tek det meg 2-3 dagar.

hvordan blir samtalene etter hvert som man er i et forhold over lenger tid? 
<3 fint spørsmål. dei blir både djupare og meir overfladiske, kvar setning er ikkje så viktig og ein slappar meir av og kan sei ting ein ikkje har tenkt gjennom eller utan å prøva å imponera kvarandre. det er mykje meir nakent og så så herleg. eg kan sei sånt som ville sjokkert kven som helst, men han forstår akkurat kvar tankane kjem ifrå og derfor er det trygt.

kommer boken din i pocket?
ingen aning! det kan ein jo håpa.

har du funnet brudekjole enda? 
nei, absolutt ikkje! har god tid og har ikkje tenkt å stressa. :)

du har kanskje skrevet om det tidligere, men hvilke praktiske tips har du til de som ønsker å flytte til london? hvordan gikk dere fram, og hva er lurt å tenke og være forberedt på?
mitt beste tips må vera å spara pengar på forhånd, fordi det er veldig dyrt med depositum og heile den prosessen, spesielt om ein skal bruka meklar for å få seg leilighet. sidan me ikkje er ansatte her i england ser ikkje utleigarar på oss som pålitelige, og me betalar framleis husleiga 6 mnd av gangen. så 60-80.000 kan det vera lurt å ha i bakhånd. anna enn det er det ikkje så mykje ein liksom må «fiksa» før ein flyttar til london, ein finn litt ut av ting undervegs, liksom. men det var heilt klart best å finna leilighet sjølve, og ikkje bruka meklar. leiligheten me bur i no fant me gjennom zoopla. i og med at det er i schengen, treng ein ikkje å søka eller noko før ein flyttar.

yes, jag älskar din blogg! kan du inte visa mer av ditt hem och berätta lite om hur ni planerar med bröllopet!?
jo!promise!

*translation:
some a’s to your q’s.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Hei, Mariell!

    Eg kan telje antalet kommentarar eg har lagt att på bloggar på ei hand. No, kanskje på to. Å kommentere blogginnlegg er for mange ei enkel, kanskje kvardagsleg, handling, men for meg, ein kunst eg (trur eg) ikkje beherskar. No prøver eg, altså, og det er på høg tid. Heller enn å kommentere innlegget, vil eg seie takk til deg og takk for bloggen din: så fine, viktige verdiar, tankar, ord og bilete. Du er ei kjelde til sjølvtillit og kjærleik, i ein (internett)kvardag, som i alt for stor grad dyrkar det motsette. Eg beundrar og verdset deg. Takk, takk, takk.

    <3 Sunniva

  • I love these Q&A, I love to know what you think about things! You say so many good things about Sogn, and you also show us so wonderful pictures! I really really want to visit Sogn og Fjordane someday, and I will.

    Thank you so much for being such an inspiration, Mariell! I love your blog! <3

  • Har egentlig ikke noe spesielt på hjertet bare et HEI! Jeg (og helt sikkert flere) setter veldig pris på at du blogger gjennom sommeren, selvom responsen ikke er særlig stor! Gru-gleder meg litt til høsten (apropos at nettopp det er bloggverdenens blomstringstid), gruer meg fordi da er det så lenge til det blir varmt og lyst igjen, men gleder meg til tryggheten høsten kommer med, rutiner og forutsigbarhet. God sommer videre, selvom norgesferien din snart er slutt.

  • Åh, jag hade tänkt fråga om jag fick bjuda dig på kaffe nu när du var i laerdal, och när jag nu också råkade vara där över sommaren, men jag hann icke! Det hade varit så himla trevligt. Laerdal var väldigt vackert hur som helst, och jag håper på att återvända snart. Njut av sommaren där vetja! Kram fina du!

  • Hei! Jeg må bare få sagt hvor utrolig inspirerende jeg syns bloggen din er! Å lese innleggene dine gjør meg glad, og du skriver så innmari fint. Jeg gleder meg til å følge med på bryllupsplanleggingen deres det kommende året! Du må ha en god sommer videre, og takk for all inspirasjon og kjærlighet du deler med oss lesere!