summer.

Untitled

sommaren i år har vore så innmari veldig sommar. vart ikkje eingong spesielt stressa då datamaskina mi døydde, fordi eg var så oppteken med å eta moreller, bringebær og rips. i går gjekk eg ein lang tur med synne og jostein, me snakka om bryllupsantrekk (synne er utdanna designer<3) og kjærleiken, og etterpå hoppa me i spredaren, noko eg ikkje har gjort på kanskje 14 år. så sjukt gøy og frigjerande, og magisk å komma inn igjen og kle på seg tørre klede, setta seg framfor ein episode av eit tv-program og eta druer og sjokolade. så mange barnslige gleder, og enda har eg to veker igjen av ferien min. mitt tips til alle for i dag blir: gå ut, dypp tærne i fjorden eller hopp i ein spredar. kanskje er det der sommaren din finst óg.

*translation:
this summer has been so very summery. i didn’t even freak out when my computer died, because i was too busy eating cherries, raspberries and red currants. yesterday i went for a long walk with synne and jostein, we talked about wedding outfits (synne is a designer) and love, and afterwards we jumped through the sprinklers, something i haven’t done in maybe 14 years. so much fun and so liberating, and quite magical to come back inside and put on dry clothes, watch an episode of something silly and eat grapes and chocolate. so many childish joys, and i still have to weeks left of my vacation. my tip to all of you for today: go out, dip your toes in the sea or jump through the sprinklers. maybe that’s where you’ll find your summer too.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *