Q&A, one.

before Alexis Mabille
alexis mabille.

kordan klarer du å holde fotoinspirasjonen(interessen?) oppe? jeg merket etter høst ifjor så dabbet den helt av og jeg vet ikke hva jeg skal gjøre for jeg vil jo bare ta bilder bilder bilder!
etter kvart som jobben min har blitt meir og meir kreativ, så er det ikkje lenger eit jag om inspirasjon. eg set meg ned og berre jobbar. å føla seg inspirert er sjølvsagt fantastisk, men det er ikkje avgjerande i kreativt arbeid. så eg berre set meg ned og jobbar istaden. om du vil ta bilder, så ta bilder! ikkje vent på at denne magiske kraften skal komma, kom den i forkjøpet istaden liksom.

hvor ser du for deg at du kommer til å slå deg ned for godt en gang?
eg har lyst til å bu i london for evig og alltid, men det veit eg jo ikkje om eg kjem til å føla om ti år.

ønsker du deg barn?
ja! kan nesten ikkje venta.

hvem kom med idéen om å skrive bok?
forlaget vårt! dei ringte oss og spurte og me sa ja.

eg lurar på om det tok long tid før frilanslivet betalte nok? har du mange små bi-inntekter, eller har du nokre store “hovudinntekter”? har du mest engelske eller norske inntektskjelder?
det er først dei siste to åra at inntekten min verkeleg har kunna bæra oss, det er eit hardt liv og me har vore så heldige at jostein sine foreldre kunne hjelpa oss då me først flytta til london og jostein gjekk på skule.

det er litt forskjellig, eg har ingen kontraktar eller noko men jobbar ei fast mengd for økologisk.no kvar månad, samt at det på magisk vis alltid er folk som treng nye heimesider. på sommaren og hausten er det bryllupssesong, og da kan eg tjena meir på ein månad enn på heile vintersesongen. ein må ha is i magen som frilanser, ikkje vera impulsiv med pengane sine og ha oversikt langt fram og langt bak. eg tjenar kun norske pengar per dags dato.

hvor kan jeg høre på komposisjonene til jostein?
på spotify! fivrel heiter han der.

drømmer du noen gang om store reiser til steder lang vekk? hvor kunne du tenkt deg å reise, om det bare hadde vært enklere å komme seg dit, eller enklere å bare legge fra seg alt , pakke sekken og dra?
eg er ein veldig euro-sentrert person, så eg er liksom ikkje så lysten på å reisa langt. med det sagt er det nokre unntak der, eg har kjempelyst til å reisa til mosambik, til japan (spesielt fjella!) og tokyo, og nord-california med sine massive skogar og kystlinja.

hva het den tapen du anbefalte for en tid tilbake, sånn til å henge opp bilder med?
washi-teip! veldig bra greier.

får vi noen gang lese mer om lucy og jakob, tror du?
nei, det trur eg ikkje. eg saknar dei av og til, men dei er eit avslutta kapittel. :)

når dere skal planlegge bryllup, tenker dere mye på økonomi? hva gjør dere i såfall for å holde utgiftene nede? og hvordan bestemmer dere hvem dere skal invitere? har dere noen begrensinger på antall inviterte?
eg trur at 99% av alle som giftar seg tenkjer mykje på økonomi. det er jo ein stor fest, og store festar kostar mykje pengar. me gjer bryllupet på ein måte som gjer at me kan holda utgifter nede og likevel få dagen som er best for oss, me skal ha liten vielse og middag med berre nær familie og venner, også får storfamilien (onklar, tanter, søskenbarn, venner av familien) komma på fest på kvelden.

*translation:
some A’s to your Q’s.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *