be kind rewind.

1606-53341606-53351606-53291606-5328

i helga var det som om me satte hovuda våre på lading. eg sykla til peckham, såg på fine innpakningar og tok bilder, klappa hundar. jostein skrudde av taklampa og tente lys også dansa me, svaia mest, til det som skal vera bryllupsvalsen vår. me kasta peonane som hadde regna rosa over heile marmorbordet, skifta sengeklede og skreiv handleliste til foreldrene mine som skal komma denne veka (ostehøvel, frukost fullkorn, handkrem frå l’occitane). me spelte kort i timesvis, skrudde av tv-en og berre snakka, drakk vin og sølte granateple på kvite tskjorter og åt fersken som var så saftige at måtte eta dei over vasken. ei sånn helg som får ein til å lengta så innmari mot ferie, mot norge og lyse netter, hundepels og babysmil. åh, alt er så på linje akkurat no. ingen jobb er slitsomt for alt me legg bak oss er på vegen dit me skal. litt etter litt seier me hadet til vennene våre for sommaren. eit glas vin av gangen. me skriv litt på den nye boka vår kvar dag, vatnar plantene, fyller tankane med sognejordbær og gamle hus.

*translation:
the weekend was as if we’d turned our heads off. i rode my bike to peckham, looked at nice packaging and photographed, pet dogs. j turned the lights off and lit candles and then we danced, swayed, to what will be our wedding dance. we threw out the peonies that had rained pink on all our marble, changed the beds and wrote a shopping list for my parents who are coming this week (cheese slicer, crisp breads, hand lotion from l’occitane). we spent hours playing cards, turned off the tv and just talked, drank wine and spilled pomegranate on white tshirts, ate peaches so juicy we had to eat them over the sink. one of these weekends that makes you long for vacation so much, for norway and bright nights, dogs and babies. everything feels in place right now. no work is too much of a hassle because everything is on the way towards where we are going. little by little we are saying goodbye to our friends for the summer, one glass of wine at a time. we spend some time writing our new book every day, fill our thoughts with norwegian strawberries and old houses.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *