give some space.

sara.

noko av det aller finaste med mitt og jostein sitt forhold er at det er lov til å spørja om litt rom. spesielt viktig er det sidan me bur ilag og elles er rundt kvarandre 24 timar i døgnet, jobbar mykje ilag og har dei fleste vennene våre her i london felles. eg set så enormt stor pris på å vera ilag med nokon som respekterer meg så mykje at dei syns det er greitt å bli kasta ut av sitt eige hus. og eg gjer det same for han, såklart. draumen er å ein dag ha eit kontor som me begge kan bruka halvparten av tiden, men enn så lenge funkar det for oss på denne måten.

det er noko heilt magisk med å vera aleine heime på dagtid. det følast nesten som å vera 12 år og få fri frå skulen tidlig, heimen blir eit palass med uendelige moglegheiter der ein kan hoppa i senga og eta is i badekaret. det gjer eg sjølvsagt ikkje, men kanskje jobbar eg frå sofaen (jostein jobbar vanligvis i stova og eg på soverommet), lagar ein fancy lunsj med fint oppkutta frukt og eit kjeks til dessert. kanskje tek eg ein time fri for å støvsuga minste lille krok medan eg spelar høg musikk. av og til gjer eg ingenting annleis enn eg ville ha gjort om han var heime, men det føles likevel annleis, som ein liten ferie for hjerna. det spelar ingen rolle kor høgt ein elskar kvarandre, alle treng bittelitt fri av og til, nokre timar der ein veit at ein ikkje treng å forholda seg til nokon om ein ikkje har lyst. og når han kjem heim etter å ha vore ute på eventyr heile dagen, så har eg alltid sakna han. og det er jo óg ei ganske kick-ass kjensle.

*translation:
one of my favorite things in my relationship with jostein is that i’m allowed to ask for some space. it’s especially important because we live together and are around eachother 24 hours a day, work together a lot and mostly have the same friends here in london. i so appreciate being with someone who respects me so much that they don’t mind being thrown out of their own home. and i do the same for him, of course. the dream is to one day have an office that we can share half the time, but for now this works for us.

there is something magical about being home alone in the daytime. it almost feels like being 12 and being let home from school early. the house is a palace with endless possibilities. jumping in the bed, ice cream in the bathtub. i don’t do any of these things, but i might work from the sofa (j has his office in the living room whereas i work in the bedroom every day), make a fancy lunch with fancy fruit and a cookie for dessert. maybe i’ll take an hour off to vacuum clean all corners of the flat whilst playing music really loudly. maybe i’ll do everything as i would if he was home, but it still feels different, like a vacation for the brain. it doesn’t matter how much you love eachother, everyone needs a little bit of time now and then, a few hours when you know you don’t need to deal with anyone if you don’t want to. and when he comes home from his adventures, i’ve always missed him. and that’s a pretty kick-ass feeling too.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Dette er så sant! Å vera heima åleina ei helg utan foreldre og sysken er så bra og fint. Også er det kjekt når dei kjem heim igjen og.

  • Apologies for writing English, but I just couldn’t resist to leave a little note! I think a bit of space is soo true between people, a little “me” time :) loved how you had a translation for us Engish too- lovely touch!

  • I know exactly what you mean! My bf ist out of town for two weeks and enjoy having some time by myself. But I also have to get used to it at first. It’s been rare that I was alone at home so sometimes I end up not knowing what to do with myself : ) Luckily there is my blog and always some work to do for it. But you are right, there is something magical about being home alone : )
    xoxo Ronja
    http://www.sothisiswhat.com

  • Jeg kjenner meg sånn igjen i dette! Jeg er også glad i å være alene hjemme, og iblant gjør jeg sånne ting som jeg aldri hadde gjort om de var noen andre der, bare fordi jeg kan! Jeg trenger å kunne gjøre ting uavhengig av kjæresten min, nå som vi bor sammen, men vi er flinke til å gi hverandre rom til å være oss selv og være på egenhånd. Det er så viktig.