friday 1:1

Untitled
fredag var ein så fin dag! eg sykla til borough, ein  superfin halvtimestur der eg mest syklar i trygge omstende også føler eg meg gal når eg syklar i den vanlige trafikken. vel framme kjøpte eg ein iskaffe.

Untitled
som eg drakk med fin utsikt.

UntitledUntitled
borough market er altså noko av det finaste.

Untitled
eg plukka opp litt frukt, yoghurt og blomar.

Untitled
og sykla meg sveitt på vegen heim.

Untitled
ganske lett å sykla fort heim når ein har så mykje digg i korga.

Untitled
eg sykla forbi bermondsey street, der er denne fine blomsterhandlaren.

Untitled
og gjennom ein park med ein dam.

Untitled
så kom eg heim og vaska jordbær og inviterte jostein med meg ut i parken.

Untitledder snakka me helgeplanar og bestemte oss for å gjera akkurat ingenting me ikkje hadde lyst til.

Untitled
med jordbær og vatn.

Untitled
så var det lunsjtid! jostein gjekk ut for å handla.

Untitled
og me åt fish finger sandwich. såååå godt, frå maddy’s fish bar såklart. etterpå jobba me i mange timar.

Untitled
jostein laga middag, søtpotet i karri med ris.

happy weekend, everyone!Untitled
og eg laga dessert, jordbærpai, og me drakk vin OOOOG:

Untitled
såg orange is the new black. <3 så mange episodar. me er snart ferdige, åh!!! så bra fredag.

*translation:
on friday, i rode my bike to borough market where i had coffee and picked up some weekend essentials: fruit, wine, flowers and yoghurt. it’s such a beautiful market! j went out to get us fish finger sandwiches for  lunch, and then we spent the rest of the day working. j made us dinner, sweet potato curry, and i made strawberry pie for dessert which we ate with wine and a whole lot of orange is the new black! so good! great friday.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *