saturday in paris: photo booth fun and the pere lachaise.

paris.
laurdag vakna eg til denne frukosten! beste ferieavtalen eg og jostein nokonsinne har gjort: frukostansvar annakvar morgon. så får ein sova lenge annakvar, så bra.

paris.
me gjekk ut i regnet med to epler i ein pose som proviant.

paris.
sa hei til denne utsikta.

paris.
og gjekk over elva og til palais de tokyo, eit fantastisk museum.

paris.paris.paris.paris.paris.paris.
me vandra rundtomkring, eg mimra om då eg budde i paris og reiste hit og skjønte ikkje kva som var kunst og kva som var bygningsarbeid og vart så stressa av det. no var det derimot veldig bra, interessante utstillingar og fritt fram for å ta bilder = jackpot.

paris.
noko av det beste med palais de tokyo er denne.

paris.
hei, nervøs fotoboksperson! maskina var litt ødelagt, så ein måtte dytta pengane inn med ein pinne og det tok såå lang tid.

paris.
men det vart fint til slutt.

paris.
så sa me hadet til eiffeltårnet og håpte at skyene ikkje var synske, før me tok ein metro til pere lachaise, den vakre gravplassen der me faktisk aldri hadde vore.

paris.
det vart plutseleg sol, og blomane såg triste og sjølvsagte ut.

paris.
så mykje vakre steinar og statuar.

paris.paris.
paris.
krematoriet var vakrast av alt. har lengta i mange år etter å sjå det.

paris.
så sa me hadet til stakkars oscar wilde, som berre aldri får kvila i fred, og reiste heimover der jostein laga pastamiddag som me åt framfor masse seinfeld og masse kos.

*translation:
on friday, we ate an amazing breakfast at home before heading past the eiffel tower to visit the palais de tokyo. i love this museum so much, we had a great time wandering around in the exhibits. we took some pictures in the photobooth and headed off to the pere lachaise. we walked around taking pictures of beautiful stones and sad stories. i had wanted to visit the crematorium for years, and it was so beautiful. we said our goodbyes to poor oscar wilde and went home where j made me pasta which we ate in front of a lot of seinfeld, followed by cuddle central station.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *