let’s get real.

home.home.home.home.

eg elskar denne leiligheten, heimen me har skapt her. men, av og til ser ikkje alt så himla fint ut. me har smular på marmoren, samanklemte baguettar og le creuset-kasserollar i blaut frå dagen før. i går jobba eg i pysjen heile dagen. eg redigerte bilder av våre late dagar i vakre paris over eit smula soveromsgolv og det tok meg ein time å pakka ut alt me hadde hatt med oss ut. me har funne møll i leiligheten og alt me eig som er anten ull eller silke (som, typ, alt) må puttast i plastposar og frysast etter tur. jostein jobbar på ein stor søknad og eg har tusen små ting som skal fiksast, bilder som skal redigerast, kontraktar og faktura som skal sendast. plantene er så triste utan stell i to veker, alle strømpebuksene mine krøllar seg ihop til ein stor ball i vaskemaskina og kjøleskapet er stadig tomt fordi det er ingen som har tid eller ork til å ta på seg sko og handla. sånn er livet av og til. faktisk ganske ofte. og det kryp ihop med alle kakestykker og museumsbesøk og reiser til europeiske storbyar og blir til eit heilt liv med både skarpe kantar og mjuke bølger. eit liv som eg har valgt heilt sjølv. det skal bli ein fryd å støvsuga og gjera klart til helg, kanskje skifta jord på dei plantene som er hardast råka, sy att hol i verdsatte ullplagg framfor episodar av six feet under. men først ventar eit fjell av arbeid, te som har trekt for mykje og altfor lenge mellom måltida.

*translation:
sometimes life isn’t so beautiful. like this week, filled with sad plants, crumbs on our marble and le creuset pans soaking since last night. yesterday i worked from my pj’s, editing pictures from glorious paris on our needing-of-vacuuming-floors. we’ve found moths in our apartment and everything we own that is either wool or silk (basically everything) has to be put in bags and frozen. jostein is working on a big application and i have a thousand things to be taken care of, pictures to edit and contracts and bills to send. my tights are working in cahoots, turning themselves into one giant ball in the washing machine and the fridge is forever empty since noone has the time or the energy to go grocery shopping. that’s life sometimes, actually quite often. and it goes so well together will all the slices of cake and goings to museums and trips to european cities, it’s a whole life filled with both sharp edges and soft waves. a life i have chosen all on my own. it will be such a treat vacuuming, getting ready for the weekend, maybe changing the soil of the plants that are worst off, stitch up holes in beloved wool clothes in front of episodes of six feet under. but first, a mountain of work awaits, along with tea that has been infused too much and way too long between meals.

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *