friday.

friday.
fredag starta tidlig med ei veera som kom på døra med posar fulle av alt som er godt for å feira jostein sin bursdag og óg for å jobba ihop med jostein.

friday.friday.
så fin måte å starta helga på. etterpå sykla eg til borough, eg posta brev og drakk iskaffi og snakka med alle slags folk som lurte på ting om hjelmen min. gullhjelm, folkens – the conversation starter.

friday.friday.friday.
på kvelden tok eg toget til nord-london der me møtte mariell for fransk billig middag! me drakk vin og åt til og med dessert, og mariell gav jostein ei bok pluss så utrulig fin innpakking som me skal ramma inn.

friday.friday.friday.friday.
så reiste me på øko-pub der me drakk masse cider.

friday.
også gjekk me, flaske i hand, langs kanalen heim! så fin fredag.

 

*translation:
my friday begun with pastries and veera, followed by a bike ride to borough (everyone wants to talk about my helmet) and then, in the evening, we went to dinner at a french restaurant with mariell and had a lot of cider at an organic pub. such a lovely friday.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *