sunday by the seaside.

brighton.
søndag morgon tok me toget til brighton! der prøvde me klede i prøverom, som her!

brighton.brighton.brighton.brighton.brighton.brighton.
og gjekk timesvis i antikkbutikkar og såg på gamle ting. me kjøpte nesten ingenting, men det er alltid fint å sjå.

Untitled
så var det lunsjtid! eg skulle tøffa meg og vera erkebritisk, så eg bestilte bangers & mash, som var godt men herregud så kraftig kost. eg klarte ikkje eingong å eta opp (den største skammen for ein norsk person, har eg skjønt).

brighton.brighton.brighton.brighton.brighton.
vandra gjennom dei fine eldre bitane av byen.

Untitled
og drakk kaffe med bra greier attåt på islandsk kafé. altså lakriskjeks, kvifor er det ingen andre enn islendarane som skjønnar greia?

brighton.brighton.brighton.brighton.brighton.
så satte me oss ved havet. eg blir så rar av å vera rundt havet, sidan eg aldri egentlig har hatt noko forhold til det i barndommen, men eg blir stille og salig av å sjå bølgene krypa opp langs steinane.

brighton.
desse to bestisane sat ved oss og håpa på middag.

brighton.
dei var mindre søte når dei joina alle andre fuglar i brighton på the birds-reunion.

brighton.
me skypa med foreldrene til jostein, såvidt at me høyrte dei over all brusinga og havet.

brighton.brighton.brighton.
så gjekk me inn på piren og stirra meir utover.

brightonbrighton
og plutseleg var det kveld. og me var slitne etter all gåing og klare for å sitta, så me reiste til denne speakeasy-plassen med fint interiør og viktigast av alt:

brighton.0904-4898brightonbrighton
bra drinkar og bra barmat. me satt her i timesvis og åt og kosa og var berre så totalt avslappa. så tok me toget heim til london, der me åt ostesmørbrød og såg ein poirot, og det var den søndagen!

*translation:
on sunday, we went to brighton! we spent hours perusing the vintage and antique shops, i had a brave bangers&mash for lunch and couldn’t even finish it. we had coffee and sweets at a icelandic café, and then we spent some time by the sea (even skyped j’s parents!). then, it was the evening, we had drinks and bar foods at lovely speakeasy spot, dirty blonde, and then we took the train back to london!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *