a friday outing on my bike.

UntitledUntitled
fredag sykla eg til peckham! her er forøvrig min fine hjelm! elskar selfie-alarmen. den er så fin, og sjølv om mange menn snakkar til meg som ikkje hadde snakka til meg ellers, er det óg tolvåringar som stoppar og skrik LOVE YER HELMET. framme var eg supersvolten, så eg åt french toast med yoghurt på, og redigerte bilder til ein sak eg er med i.

UntitledUntitled
så fint var det der eg sat, som ein hage men innandørs. eg gjekk litt rundt i området, som ser veldig ut som williamsburg.

UntitledUntitled
med min gullhjelm og matchande øyreproppar! og kjøpte fredagsproviant på eit patisserie. ein choux bun og to konfekt.

UntitledUntitled
eg stakk innom general store for å plukka opp viktige ting som hass-advokado. dei som jobbar der er dei finaste folka. korga mi var ganske full på veg heim.

UntitledUntitled
på veg heim stoppa eg og kjøpte to nye pelargonar for å feira at eg no har hatt blomar i eitt heilt år utan å drepa dei, og litt økologisk tørr cider. så hadde eg og jostein frukt-og testund, som ein har i barnehagen, før me starta på helga ordentlig.

*translation:
on friday, i rode my bike to peckham. here is my helmet, i like the fact that you get busted for doing selfies. i had french toast at a café and picked up friday goodies at a patisserie and necessities at general store. i love that peckham feels like williamsburg. on my way home i picked up to geraniums to celebrate my having had flowers for one whole year without them dying, and some organic dry cider. j and i had some tea and fruit (like in kindergarten), before starting our weekend.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *