sunday: tulip overload and swedish sweets.

sunday.
søndag vakna me og var så sjukt trøtte, så me åt finfrukost og drakk opp siste rest av pukka-teane våre. då eg var pretensiøs tenåring kjøpte eg pukka-te for 60 kroner boksen på nova i bergen. elskar at eg gjorde det, og elskar at eg no kan kjøpa dei for 20.

sunday.
etter frukost reiste eg austover til columbia road market for litt åleinefiksedag. det er alltid så fint rundt der søndagar, for alle har blomar med seg kvar enn dei går.

sunday.sunday.
det var britisk morsdag, så det var ekstra store bukettar til ekstra bra pris. eg kjøpte 50 tulipanar for 10 pund og kunne nesten ikkje tru det var sant.

sunday.
meir sånn skulle ein ha hatt det heime, eller?

sunday.sunday.
på veg til butikken gjekk eg forbi loppis og søte hundar.

sunday.
også tok kameraet ein typisk har-for-mykje-i-hendene-pause, til eg kom heim med alle dei gode greiene eg hadde kjøpt. eg pakka dei ut og inn i skap/frysar.

sunday.
eg åt sockerkringla med utsikt over parken, og gjorde heimefiks medan eg berre vart meir og meir svolten.

sunday.
så eg åt eit speilegg (elskar speilegg, tenkjer alltid på morfar og saknar han litt. han hadde mange meiningar om egg).

sunday.sunday.
så kom jostein heim, og eg tok ein superlang lur i senga heilt til middagen var klar og det var min søndag.

*translation:
my sunday. we had a nice breakfast and then went in each our direction. i took the train to columbia road to get flowers at the market, it was british mothers’ day, so the prices were particularly great. i got 50 tulips for 10 pounds! then i went grocery shopping, and the camera took the usual i-have-too-much-in-my-hands break, before i got home and unpacked all the great stuff i had gotten. i had a sockerkringla with view to the park, and after tidying up the flat i was so hungry and had an egg (fried eggs always remind me of my grandfather, he was very particular about his eggs). then jostein came home and i took the longest nap until dinner was ready and that was my lovely sunday.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *