books i’ve read lately.

Untitled
desse fire bøkene har eg lest dei siste vekene. alle er tynne som fliser og supervakre på kvar sin måte. eg syns de skal fylla ei virtuell handlekorg og bestilla dei heim til postkassa i dette nu. kort om dei:

1. all my friends are superheroes av andrew kaufman. magisk nyskapande bok om å få hjartet knust, og eit billedspråk eg aldri har sett maken til. vil lesa alle bøkene hans no, alltid eit bra teikn.
2. knutar av gunnhild øyehaug. nydelege noveller, skulle ønska dei alle var romanar så eg kunne lesa meir. ho er forøvrig heilt fantastisk.
3. elskeren av marguerite duras. stille og merkeleg og så fint skrive, eg var bergtatt av språket, spesielt om vatn.
4. we the animals av justin torres. debutroman gitt ut på forlaget granta (obs bra teikn), den er sjukt mørk og vond, men så så bra.

Untitled

kva har de lest i det siste?

*translation:
these are some books i have read in the past weeks that i have loved in their own ways. what have you read lately?

1. all my friends are superheroes av andrew kaufman.
2. knutar by gunnhild øyehaug. (no english translation as of yet)
3. the lover by marguerite duras.
4. we the animals by justin torres.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *