onsdagslista!

korleis ser skrivebordsbakgrunnen din ut?
Skjermbilde 2014-03-12 kl. 11.53.35
veldig reint og enkelt med den fine logoen som esra har laga til meg.

 

eit bilde du har teke akkurat no, med photobooth!
Bilde tatt 12.03.14 kl. 12.25
superklar for jobb med nyvaska hår og fingenser på!

det tristaste som har skjedd i år:
min fine mormor som gjekk bort.

det beste som har skjedd i år:
eit lite magisk tantebarn som vart født, og generelt at det er så stabilt profesjonelt.

tre siste sms:
fra mamma: “me har bestilt:-)”
fra pappa: “hei. passar det for dikka at me kjem ei veka seinare? 18-25/6?”
fra mariell: 3x tommel opp-emoji.

current obsessions:
musikk
: highasakite og chopin.
tv: six feet under. har tenkt å starta på house of cards denne veka!
klede: er litt lei av alle kleda mine akkurat no, faktisk, står ofte og berre stirrar inn i skapet.
mat: ananas!

ein jobb du aldri kan ha:
eg trur eg er ein veldig dårlig ansatt, så eg håpar eg får jobba for meg sjølv resten av livet og forhåpentligvis får vera ein bra sjef ein dag.

noko du ikkje likar hos andre:
likar ikkje når folk ikkje gjer som dei seier, eller typ at dei seier at dei vil noko men ikkje gjer det. det blir eg fort lei.

ei dårlig side ved deg sjølv:
er veldig sta og likar å kontrollera.

ein matrett du har lyst på akkurat no:
er framleis mett etter megafrukost, men gler meg til suppe til lunsj!

helgeplanar?
skal på brunsj med mariell laurdag, det er det einaste!

 

liste frå elsa.

*translation:
a wee wednesday list.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *