we’ve never had it so good, aha, we’re out of the woods and if you can’t detect the sarcasm you’ve misunderstood.

feminist

god åttande mars, alle kvinner og menn som trur på at likestilling er vegen til ei betre verd! alle som er takksame for alt feminismen har gjort og optimistiske for framtida. alle som ikkje godtek at me lever i ei verd der dei fleste av oss på månedtlig basis betalar for å bli psykisk mishandla av kvinneretta magasin. ei verd der me må kjempa for noko så fucking grunnleggande som rett til fri abort. ei verd der blå er for gutar og rosa er for jenter.  der det er så viktig for oss kva me har mellom beina at halvparten av dårlige vitsar på tv handlar om å vera kvinne og kor forferdelig det er. grow a pair. you are such a girl. samtidig, ei verd der engasjementet for kvinnesaka er større enn på fleire tiår, og ein møter stolte feministar på kvart gatehjørne.

tenk at der framme ligg ei ny verd, den ligg klar og ventar. ei verd der ein kan spøka med tradisjonelle og utdaterte kjønnsroller fordi dei er latterlige. der unge kvinner ikkje må jobba hardare enn unge menn for å bli tatt på alvor. i dag er ikkje til for å feira (men om du har lyst på kake, et for faen kake), i dag er til for å hugsa kor langt me har komme og kor langt me har att. din kropp er din kropp, ditt liv er ditt liv. og ikkje la nokon andre meina for mykje om korleis du forvaltar det.

*translation:
happy international women’s day, everyone. today is not a celebration. today is a reminder of how far we have come and how far we still have to go.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *