sunday funday.

sunday.
søndag, fastelavn, lata eg meg heime til midt på formiddagen, så sussa eg jostein og tok overgrounden til aust-london der eg møtte mariell og maja på blomstermarknaden.

sunday.
mariell hadde eit budsjett på seks pund og fekk pruta seg til ei plante. så fin. <3

sunday.
me gjekk inn i små rare butikkar og såg på prislappar.

sunday.
det låg blomar overalt.

sunday.sunday.
så gjekk me heimover med planta som stakk oss i auga for kvar meter.

sunday.
vel heime satte eg tulipanane mine i vatn. 30 tulipanar for ti pund!

sunday.
mariell viste fram sine pressa blomar. så vakre!

sunday.
så kom jostein, og me åt vegetarisk tapas-ish-mat. er obsessed med desse ostekjeksa.

sunday.
det vart mørkt ute.

sunday.
og inne voks planta, eller kanskje ikkje. stor er den ihvertfall.

sunday.
me fekk champagne levert på døra, philip spanderte.

sunday.
sjølv om han var misfornøgd med korta. me spelte idiot og mattis, og to frustrerande rundar med lygaren sidan ingen kunne reglane.

sunday.
eg bakte bollar!

sunday.
som vart så gode som det her. eg laga svensk versjon, både fordi philip er svensk og fordi mandelmasse slår jordbærsyltetøy kva dag som helst. følte at eg hadde vunne ein krig, så stolt var eg.

sunday.
så drakk me masse raudvin og spelte ein runde til, ein runde til, ein runde til, før me sa hadet og gjekk heim i duskregnet.

*translation:
on sunday, we went to a flower market with maja and mariell. mariell had a budget of six pounds and haggled her way to a house plant. we walked home, put my tulips in water and philip treated us to champagne. we played cards and i baked buns as is traditional in norway on the sunday before lent. we filled them with almond paste and whipped cream, as is a swedish thing (in norway we use jam instead of almonds). i was so proud i almost fell like i had won a war or something. then we played cards and had a lot of red wine before saying goodnight and walking home in dusky rain.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *