book club babes.

Untitled

på sommaren i fjor starta frøy og eg ein bokklubb. det er så fint å ha sånne konsept når ein ikkje bur på same stad som nokre av sine beste venner. bokklubben er eit tiltak både for å lesa meir bøker men óg for å ha eit sånt felleskap med nokon som bur langtvekk. her er våre tre beste tips til vellykka bokklubb:

1: ver enige om bøkene de skal lesa og kva som er ambisjonen for bokklubben. til dømes var det viktig for meg å lesa bøker eg kanskje ellers ikkje ville ha lest.

2: gjer det til stas. sjølv om me gjer det over skype og ikkje eit ost-og-kjeks-fat, likar me å gjera det til stas. eine gongen hadde frøy pysj og perler, og eg drakk brus ut av eit vinglas. ein gong åt me akkurat det same til middag frå kvart vårt land. forrige gong hadde me begge smågodt.

3: ta det akkurat så seriøst som du vil. sjølvsagt kan ein vera seks personar og gå gjennom lister frå oprah sin bokklubb om kva ein skal snakka om, men det må ein absolutt ikkje. det kan vera så enkelt som berre det.

til no har me lese berre bra bøker, nemlig desse:
kjersti annesdatter skomsvold si monstermenneske
helle helle si ned til hundene
agnes ravatn si veke 53

 

*translation:
my friend frøy and i started a book club last summer, and it’s really a great thing to do with a close friend who doesn’t live nearby. it’s a way to both read more books and to feel connected! i highly recommend it.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *