photo an hour, saturday.

saturday.
09:00
klokka ni vaknar eg og vil ikkje stå opp av den varme senga.

saturday.
10:00
eg ryddar litt medan jostein lagar frukost, kler på meg og kryssar ting av lister.

saturday.
11:00
me et! surdeigsbrød, speilegg, små chorizo og sopp.

saturday.
12:00
fiksar i heimen, eg prøver ut forskjellige bilder til ein ny rammevegg me skal ha over senga medan eg ser the office.

saturday.
13:00
me tek toget austover og tar eit bilde i ein fotoboks.

saturday.
14:00
me går nordover for å møta mariell til lunsj, men kaféen me skulle til har stengt og me må kjempa oss gjennom regnværet til ein annan kafé.

saturday.saturday.saturday.
15:00
framme! me drikk kaffe og juice og bestiller, snakkar om twin peaks og jobb.

saturday.saturday.saturday.saturday.
16:00
me et!

saturday.saturday.saturday.
17:00
me går mette og glade ut av kaféen og mot kanalen og denne interiørbutikken der eg fekk ta så mange bilder som eg ville. me klemmer mariell og seier hadetfintsnakkastimorgon!

saturday.saturday.saturday.
18:00
me går mot togstasjonen og tek eit stopp på veg heim med kaffe og ei delt sukkerkringle, og masse godt får bli med heim..

saturday.
19:00
på veg heim kjøper me som vanlig laurdagsavisene som eg blar litt i.

saturday.
20:00
eg lagar middag med dei mystiske ingrediensane: pasta, søtpotet, lauk, smør, salvie.

saturday.
21:00
me et! dette er ein vegetarversjon av ei pølsegryte eg elska som born, det er pasta og søtpotet i karri med masse lauk. så godt.

saturday.saturday.saturday.
22:00
dessert! hallongrotta og sukkerkringle delt ned midten. elskar å vera to, for da kan ein alltid smaka på meir enn ein ting.

saturday.
23:00
me ser ein veldig alvorlig poirot.

saturday.
00:00
jostein snurrar eit silkeband rundt foten min og det er det siste eg hugsar før eg slokna.

 

*translation:
my saturday was filled with fixing things around the house, a photo booth, having lunch with mariell, interior shopping by the canal, swedish pastries, curry pasta for dinner and an episode of poirot.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *