grandmother and grandfather!

i går ettermiddag fekk min finaste morsommaste snillaste mormor sovna inn i si eiga seng med familie rundt seg, og etter eit altfor kort liv med altfor mykje smerte er alt som står att berre godt. i natt fekk eg fortelja jostein om ho, om ho som køyrte nesten hundre mil eins ærend for å henta meg og veslesøster for så å køyra tilbake, ho som ikkje kunne kasta noko for kanskje nokon andre ville ha det, ho som lurte i meg fisk ved å laga noko ho kalte “eventyrgryte”, ho som sat mykje i rullestol den siste tida men kjøpte fine høge sko fordi ho kunne sitta i dei. ♥

på tysdag reiser me til noreg, både for å sørga dette tapet men óg for å feira eit nytt liv, eit sprellande bankande smilande nytt liv som eg gler meg til å holda i hendene. det er så ironisk og fantastisk at livet er sånn.

i mellomtiden blir det litt kvit støy på denne bloggen, så får eg ta det litt som det kjem. ta vare på alle de er glade i, kvar enn de er i verda.

*translation:
my amazingly funny and kind grandmother passed away last night, in her own bed with her family right by her side. after a life too short with too much pain, all that remains is good. in the AM i got to tell jostein about her, about the woman who drove nearly a hundred miles one way, just to pick up me and my little sister and drive back, she who couldn’t throw anything away because someone might want it, she who tricked me into eating fish all the time. the last year or so she spent a lot of time in a wheel chair, but bought herself pretty shoes with high heels to sit in. ♥

on tuesday we are going to norway, to grieve this loss but also to celebrate a new life, a fresh smiling beating new life that i can’t wait to hold in my hands. it’s so ironic and amazing that life is like this.

in the meantime, expect some white noise in this space, and i’ll play it by ear and see how i feel. take care of the people you love, no matter where you are in the world.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *