friday list.

my weekend.

kva var din tidligaste ambisjon?
eg ville bli advokat, mamma såg på ally mcbeal heime og eg syns ho var så smart og morsom og tøff.

universitet eller rett i arbeid?
for min eigen del, rett i arbeid etter vidaregåande. det vil seia, etter å ha gått litt på fotoskule og funne ut at det ikkje var for meg også droppa ut utan å sei det til nokon. eg tippar derimot eg kjem til å feiga ut når eg får ungar og oppfordra dei om å ta utdanning.

kven var eller framleis er mentoren din?
sophie calle, sjølv om eg aldri har snakka med ho.

kor sterk er du?
ganske sterk. både fysisk og pysisk, som bestefar ville sagt.

ambisjon eller talent: kva er viktigast for suksess?
begge deler, og begge er like vanskelege å få og halda på.

tenkjer du på co2-forbruket ditt?
ja, veldig mykje. det stikk i SU-hjartet mitt når eg tenkjer på kor mykje me har flydd det siste året. det er óg det som er mykje av grunnen til at eg begrensar forbruket mitt.

har du meir enn ein heim?
eg har mange, men eg eig ingen. om eg tenkjer på den der heimekjensla, så tenkjer eg på leiligheten her i london og gamlahuset i lærdal.

kor politisk engasjert er du?
veldig, men ikkje særlig partipolitisk. eg bryr meg om feminisme og likestilling, om homofile sine rettigheiter her og i resten av verda, om regnskogen og palmeolje og dyrevelferd.

har du nokon sinne teke ein IQ-test?
ja, men eg er altfor utålmodig til å faktisk gjera det ordentlig. veit ikkje heilt kva det seier om meg.

kva vil du eiga som du ikkje eig per dags dato?
denne leiligheten. ei iskremmaskin. ein sofa.

kva er din største ekstravaganse?
dyre sengeklede og sjokolade.

kvar er du lykkeligast?
i juni, på eit teppe i ein park med ein iskaffe og ei bok og venner og to pakker oreos.

kva ambisjonar har du?
å få masse vakre ungar med jostein, gi ut mange bøker og halda fram med å leva av å vera kreativ.

kva driv deg framover?
at eg føler meg som ein hai, og at om eg ikkje går framover så står eg stille og da dør eg.

kva er det største du har gjort i livet så langt?
forholdet med jostein og boka me har skrive ihop. det er ikkje enkelt å leva så tett på eit anna menneske, men det er så verdt det.

kva har vore din største skuffelse?
at bestefar døydde før eg fekk kjenna han ordentlig, som eit vaksent menneske. skulle ønska me kunne ha snakka om bøker, han las alltid alltid alltid og ville vore så stolt over meg.

om du mista alt i morgon, kva ville du gjort?
starta eit bakeri der eg bakte brød og kaker og lot ungar snika til seg glasur.

trur du på eit liv etter dette?
nei.

*translation:
a friday list about ambition, drive and bakeries.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *