new shiny shoes and velvet curtains.






på tysdag jobba me heime til det var midt på ettermiddagen. da var sola på veg ned, og me skulle ut.



me gjorde oss heilt klare og tok toget til charing cross.



me gjekk på paul smith og kjøpte nye sko til jostein.


og kjøpte smågodt. lakris og sjokolade, der har du meg.


så gjekk me til leicester square og til kino! me såg north by northwest, som var fantastisk.





me gjekk heim i duskregnet, snakka om film og om london og stoppa for å kyssa på trafalgar square.


femti meter frå huset vårt begynte det å høljeregna, og eg var gjennomblaut då me kom innatt. då hoppa eg ut av kleda og inn i eit teppe, me hade 30 rock-maraton og åt wraps med quinoa og halloumi.

*translation:
on tuesday, we worked from home, bought jostein new shoes in covent garden, bought candy to take to the movies (we saw north by northwest) and walked home in the rain. when we came home i was wet to the core, i jumped into a blanket and we had a 30 rock-marathon and ate wraps with quinoa and halloumi.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *