i wonder what subtle form of manslaughter is next on the program. am i to be dropped into a vat of molten steel and become part of a new skyscraper, or are you going to ask this female to kiss me again and poison me to death?


eg og jostein var på kino på tysdag og såg ein hitchcock-klassiker, north by northwest. den var alt eg ville den skulle vera; spennande, morsom, smart og romantisk. cary grant var som vanleg heilt vanvittig vakker og morsom og kjekk, og det var første gong eg såg eva marie saint i ein film. ho er vidunderleg. eg elskar at kvinnene drikk like mykje som menna i hitchcock-filmar, at kleda er så vanvittig fine (kvifor går ikkje menn i høgmidja bukser lenger?) og at det var rom for å vera ordentlig morsom i spion-filmar på 50-talet.

om de bur i london eller skal til london i nær framtid anbefalar eg sterkt å sjå kva som skjer på prince charles cinema når de er her. det er ein indie-kino på leicester square med ganske billige billettar. me er medlemmar der og elskar å sitta i djupe kinostolar og sjå på fløyelsgardinene opna og lukka seg.

*translation:
i went to the cinema to see north by northwest on tuesday. it was seriously awesome, i am in love with hitchcock and cary grant and eva marie saint. it was funny and thrilling and smart and romantic.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • fantastisk! det blir snart en Hitchcock-spesial i filmklubben jeg og Jenny har startet, og da er denne først ut! ah, glad, du dytta meg til å endelig utforske Hitchock.