let’s talk about tea and where to buy it.

la oss snakka litt om te og kvar ein kjøper det i london! eg elskar te. å sitta på ein fin kafé med ei stor kanne fersk myntete, med ein utståande lillefinger på afternoon tea eller med eit tonn honning om eg har vondt i halsen. hit går eg:

mariage freres
i kjellaren på selfridges finn de min te-favoritt over alle: mariage freres. dei er eit fransk selskap som lagar dei mest vidunderlige tear. eg likar aller best desse: marco polo. wedding imperial. casablanca. french blue. sakura (cherry blossom). grønn te med mynte. det er berre å snakka med dei som jobbar der, dei er flinke og interesserte folk, og om du berre seier typ “eg vil ha noko som smakar haust” så finn dei det. for andre spesielle tetypar har dei óg ei stor hylle te i matbutikken på selfridges.

fortnum & mason
på det grandiose varehuset på piccadilly finst det eit superbra utvalg av te i lausvekt eller i pose. mine favorittar er jasmin i lausvekt, og eple og fersken i pose.

china town
i eit kryss mellom china town og soho (shaftesbury avenue og gerrard place) ligg det ein tebutikk med alle slags tear, tørka blomar og utstyr. lurt å vita omtrent kva ein vil ha sidan ein meir seier til dei (veldig flinke) folka som jobbar der enn å browsa. ein plass for te-nerdar.

pukka
den mystiske teen eg først såg på nova i bergen i typ 2007 og gledeleg brukte 60 kroner på. berre for å vera kul, såklart, men den er ein favoritt enno. det som gjer skilnaden er at her i london kostar den 2 pund. ein får kjøpt den på helsekostar og litt større matbutikkar. mine favorittar er detox, vanilla chai, three ginger, three mint og lemon, ginger & manuka honey. om eg budde i noreg skulle eg hamstra pukka i bagasjen.

for å finna ut kvar ein kan gå for å drikka te, og då spesielt afternoon tea, i london, kan de kjøpa londonguiden min her! og om du vil lesa om te frå nokon som verkeleg veit kva dei snakkar om, kan de lesa bloggen til min fine venn janne.

*translation:
on my tea favorites, and where to buy them in london. my absolute favorite is mariage freres at selfridges (my favorite teas are marco polo, wedding imperial, casablanca, french blue, sakura (cherry blossom), green tea with mint).

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Åh, te gjør meg glad! Elsker at det finnes te som passer alle årstider, værforhold, humør, personer og anledninger. Min Pukka-favoritt er for øvrig den med lakris og kanel! Snuste og kjøpte jevnlig hos MF da jeg bodde i Paris, så klart. Så my godt! Jeg kjente ikke til China Town-butikken, så den skal jeg sannelig besøke neste gang jeg er i London. Takk for tips!

  • Takk for tips! Hamstra Pukka-te forrige gang jeg var i London. Detox er favoritten min også, litt fordi fargen på innpakningen er så fin, men mest fordi den smaker godt. ;)

  • Mariages Freres har ein utruleg god Grand Earl Grey, den må porsjonerast forsiktig ut når eg får den i hus. Eg kjøper gjerne ein halvkilo når eg får tak i den. :)

  • Oi, visste faktisk ikke at Mariage Freres fantes i London. Jeg er snart tom for favoritten, French blue, men flaks at mamma skal til Paris snart og hamstre for meg. Kjøpte en halv kilo forrige nyttår :)