christmas eve, 2.0!


dagen før nyttårsaftan vakna eg i fredrik si mjuke seng med desse fine personane sovande vegg-i-vegg. alle hadde komt langtvegsfrå for å feira jul og nyttår saman, og leiligheten til fredrik og frøy hadde blitt forvandla til magisk leirskule for vaksne.


me åt frukost, lenge. eggerøre og rundstykke som sara og frøy hadde bakt.


så reiste me ut på ærende! utanom sara og jostein, som vart heime for å ta seg av kalkunen. eg og frøy gjekk på fretex og shoppa litt før me gjekk vidare til gutta på haugen og prix.


vel heime såg me alle beyoncé-videoane medan me pakka ut varer og kokte poteter.


denne vennejulaftan skulle me feira hos christine, som har ein så ufattelig fin leilighet på st.hanshaugen.


dei hadde kjøpt alle blomane i heile oslo.


og me pynta og åt og lo og drakk så himla mykje raudvin.


til dessert åt me pepperkakepannacotta som eg hadde laga, altfor lite søtt men det var faktisk godt etter alt det oversøte me hadde ete ellers i jula.


så var det julegåveopning! elskar at me opnar julegåver ihop. eg hadde ingen aning om kva eg skulle få, men eg fekk den finaste porselenshunden nokon sinne, og ei skål frå swedish grace-serien eg samlar på. eg kalla umiddelbart hunden for louis (sidan me høyrte på louis prima der og då) og mata han med alt han ville ha.


fredrik og frøy starta plutseleg ei låt og marsjerte inn saman og tok eit heilt nummer og me andre var heilt sjokkerte og hadde ingen aning om at det skulle skje.


etterpå var me fornøgde, såklart, og klappa.


fredrik laga tusen whiskey sour, eggeplommene vart til overs.


me drakk drinkar, snakka om familiane våre og frøy prøvde pysjen eg hadde kjøpt til ho i london. (me gjer det alltid sånn at me brukar visst mykje, like mykje på kvar person, også er alle gåver frå alle)


fredrik laga supergod kaffe med den nye kaffekverna han hadde fått av oss.


og sara såg på sine gåver: alexa chung-bok, insekt og global-kniv.


så holdt sara på å sovna ved bordet, så ho tok frøy under armen og dei vandra heim ihop medan resten av oss vart sittande i salongen og snakka om vidaregåandetider, lærarar me hadde og medelevar og kva dei driv med no. då me kom heim i sju-tiden på morgonen teikna me monobryn på ei sovande frøy (klassisk) og sovna søtt sjølve.

*translation:
on the day before new year’s eve, we celebrated christmas eve with our closest friends. we bought all the flowers in all of oslo and did a little beyoncé watching. we ate turkey and opened presents (i got the prettiest porcelain dog and named him louie), we had ginger bread panna cotta and drank a whole lot of wine. when we came home at seven in the morning, we drew a mono brow on frøy, who was sound asleep. classic.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *