instagram, december.


desember starta i noreg! me feira bestefaren til jostein sin 90-årsdag med stor fest, og mellom slaga produserte eg oppskrifter i gamlahuset.


utsikten var som vanleg heilt utruleg fin (dette var forøvrig einaste gongen me såg snø i desember), og eg tok litt stilletid til å pakka inn julegåver.


eg og pappa hadde på øletikettar (han bryggar øl no, vanvittig godt) og etterpå åt me karbonadesmørbrød hos bestemor. me prøvde å komma oss til london, men flyet kunne ikkje ta av så istaden reiste me på forlagsfest (win).


eg las bøker og hadde langt langt hår.


for julepengar frå bestemor kjøpte me oss dette printet frå fantastiske esra, og ein laurdag åt me marengs frå meringue girls.


eg og jostein hadde vår eigen private julaftan her i london, han laga boeuf bourgignon og me pakka inn gåver i separate rom, så utrulig fin kveld. så pakka me til å reisa heim igjen.


første dagen heime hogga me ned treet! alltid edelgran.


jul!


bestemor sitt sedvanlige kakefat og mitt forkjøla fjes.


ei av julegåvene frå jostein, og konfettibomber! dei var fine å ha til nyttårsfeiringen.


fredrik beundrar blomebordet på vår kvelden-før-nyttårskvelden-feiring, og pynta drinkbord på nyttårsaftan. for ein fin månad desember var!

om de vil følga meg der, heiter eg hjartesmil som vanlig.

*translation:
december on instagram! i’m hjartesmil there, too.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *