happy new year’s! ♥


foto.

god nyttårsaftandag til dykk alle! eg vakna klokka eitt etter å ha sovna klokka sju i latterkrampe med mine næraste venner. me hadde julaftan saman i går, med kalkun og gåver til kvarandre. så vanvittig fint. no har me usminka julestri her med pynting (ballongar, girlander og konfetti), baking (pepperkakeostekake og fløytekarameller) og matlaging (søtpotetsalat, kalkungryte, kjøttbollar og pastasalat) medan me ser på film (askepott og diana vreeland-dokumentaren) og et twist (nougat crisp og daim). eg gler meg sånn til i kveld, og er så pepp på det nye året. skal jobba hardt og le mykje, reisa til nye byar og sova lenge på søndagar.

i går brukte me formiddagen på å laga kalkun medan me komponerte ei speleliste over alle våre favorittar frå i år. heile 250 songar vart det! her er den: best of 2013. me skal spela den på shuffle i kveld medan me drikk champagne og klemmer kvarandre hardt hardt hardt. håpar de får ei magisk nyttårsaftan, alle saman! sjåast neste år. ♥

*translation:
happy new year’s! i am so happy and excited for tonight. i hope you have a wonderful time! we made a playlist of our favorites in 2013. here it is.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *