mitt beste loppefunn.

denne plansja er min loppisdraum. eg kjøpte den på frøken dianas salonger, og den har ei litt morsom historie. eg såg den på frøken dianas sine facebooksider og vart panikkdesperat etter å få tak i den. den kosta berre 300 kroner (desse plansjane kostar vanligvis absurd mykje), og eg fekk tak i ein av mine einaste venner som var i oslo den dagen, lina. <3 lina var så vanvittig god og snill at ho trikka til grünerløkka og kjøpte den for meg! seinare stod den i oslo ei lang stund før me fekk teke den med til lærdal og gamlahuset. den er skjør og nydeleg fin og passar til liljekonvallen som veks i hagen, som ein kan sjå frå rommet der den heng. aller helst ville eg ha hatt den i london, men vågar ikkje å flytta på den.

*translation:
one of my favorite flea finds is this very old lily of the valley school poster that i bought in oslo. it cost me around 30 pounds, very cheap, and i love it so much i can’t bring myself to take it to london. so it stays in the old house in norway, and i get to see it whenever i’m home.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *