jul jul jul jul jul!


illustrasjon: louise cunningham.

åh! no er eg på veg heim til jul jul jul og eg gler meg så hinsides! på flyet skal eg lesa helle helle og høyra podcast, og på bussen tenkte eg å skriva ein tekst om ein mann som har mista noko, men eg veit at eg kjem til å sovna ganske fort. topp tre ting eg gler meg til:

1. hogga ned tre med pappa og lillesøster. 2: sjå home alone 1 & 3 (har sett 2 allereie). 3. lesa bøker på sofaen med ei twistskål ikkje lenger enn ei armlengd unna. kva med deg?

obs: om du vil høyra julemusikk, har eg laga verdens beste julespeleliste her!

*translation:
i’m getting on a plane home now! i cannot wait for proper christmas holiday.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • God tur heim! Herleg illustrasjon :) Vil berre sei at bloggen din er ei stoor inspirasjonskjelde kvar dag, og det er alltid spennande å oppdage nye bilder, bloggar og magiske ting. Juleferieplanane din høyres fantastiske ut! Eg skal lage peparkakehus med masse snop på, høyre julemusikk og få god tid til å lese bøker. God jul!

  • Det med bøker på sofaen må eg seie høyrtes unekteleg fristande ut, og veldig JUL for meg. Takk!
    Hogge ned tre saman høyrest kjempekoseleg ut.

  • eg gler meg til å feira ennå ein juaftenl saman med pappa og systrene mine, og eg gler meg til eg og systrene mine tar opp kjempegammal julepynt og ler når me pyntar julatreet (:

    God tur heim (:

  • Gler meg til å utveksle julegåver med venninnenne mine, og å få gitt alle ein god klem og ønske dei ei god jul. Gler meg til å pynte treet som pappa har hogd, og til å pynte og sette saman peparkakehus. Gler meg til at eg, bror min og pappa sit i kvar vår sofa eller stol og les julehefter og bøker. Gler meg til den heimeslakta (oppvaksen på gard) julemiddagen som det er greit å ete med fingrane, sjølv når me sitt der i finstasen. Julemusikk. Også julefilmane! Askepott, Love Actually og The Holiday for å nemne nokre!

    God Jul til deg og dine, Mariell! :)