2013-lista.

januar februar mars
januar, februar & mars.

gjorde du noko i 2013 som du aldri har gjort før?

eg har gitt ut bok, lest høgt framfor mange personar og turt så mykje meir enn eg trudde at eg klarte. også lærte eg å fyra i vedovn.

gjorde du nokon stor forandring?
bestemte meg for at om eg skal leva frilans resten av livet (håpar jo det) så må eg ha rutiner. så me har lagt rutinene klare, og det frigjer så mykje energi til å jobba kreativt.

vart nokon av vennene dine foreldre i år?

nei, men det ligg ein liten krabat i ein mage som eg kjem til å elska veldig høgt.

kva dato frå 2013 kjem du alltid til å hugsa?
4.oktober, sleppfesten vår. så mange fine folk kom og så mange kjøpte boka vår, var heilt mør i hjartet etterpå.

døydde nokon som står deg nære?

nei, takk og lov.

kva for land besøkte du?
frankrike, norge, tyskland, nederland, italia. også england, da!

beste kjøpet?

sykkelen min! elskar elskar den.

april mai juni
april, mai & juni.

gjorde noko deg skikkelig glad?
å gi ut bok og føla meg heilt fornøgd, stolt, og ta meg ro til å nyta det og å feira. det er uvanleg for meg, og typisk frilanssyndrom å hasta vidare til neste grej.

mangla noko frå 2013 som du vil ha i år 2014?
ein sofa og kanskje ordentlig ro. kunne tenka meg å vera meir heilt i ro heilt utan planar.

kva skulle du ønska du gjorde meir?

hadde helg. låg i badekaret. las.

kva skulle du ønska du gjorde mindre?

lot netflix gå i loop og sluka tankane mine. la meg seint.

favorittprogram på tv?

har ingen tv, men i år har eg sett alt av parks and recreation, luther og broen.

beste boka du leste i år?

jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av kjersti annesdatter skomsvold og how should a person be? av sheila heti.

kva er ditt største framskritt på jobben i 2013?
at eg har blitt forfattar på ordentlig, såklart. også at eg har fått fleire “faste” jobbar så det økonomiske er på det tryggaste nokon gong. er så takksam for det og å kunna planlegga livet rundt den tryggleiken.

juli august september
juli, august & september.

ditt største framskritt privat?
å tørra å ta fri på ordentlig, og å ta så mykje aleinetid som eg treng. eg lærte óg ein ting eller to om å ikkje la andre bestemma ting for meg sjølv om det ofte er lettare.

største feil du gjorde?
hugsar ikkje. eg mista eit dyrt skjerf, det var ganske dumt.

var du gladare eller tristare samanligna med tidligare år?
gladare og mykje meir stabil.

kva brukte du mest pengar på?
reise, herreminhatt.

noko du ønska deg og fekk?

sykkel.

noko du ønska deg og ikkje fekk?
sofa! men det er heldigvis på veg.

kva gjorde du på bursdagen din i 2013?
den feira eg i oslo med så mange fine personar og så mykje vin.

oktober november desember
oktober, november & desember.

finst det noko som hadde gjort året ditt enda bedre?
å reisa åleina. har så lyst til å ta eit tog og bu på hotell i to netter og sjå kva som skjer. berre sitta på kafé og skriva og ikkje ha internett. det får bli 2014!

kva fekk deg til å ha det bra?
å skriva og å sykla og å baka og å drikka vin hos fine venner.

kven sakna du?
alle vennene mine, skikkelig intenst men aller mest fredrik sidan me har dei mest uforsonlige tidsplanane og så sjeldan får sett kvarandre skikkelig og avslappa, me har sagt at me skal ha ei helg ihop i 2014.

dei beste nye menneska du møtte?
vart ordentlig kjent med mariell, som har blitt ein av mine næraste venner i london, og så mange fine personar gjennom ho.

kva er du mest stolt over?
boka, og at eg og jostein er så umerka av heile prosessen. at me har det så bra og jobbar på. også kjem det nye jobbar heile tiden, så da føler eg at eg har gjort noko rett; når eg får nye fine folk på kroken og klarar å halda på dei.

høgaste ønsket akkurat no?
at 2014 får bli akkurat så bra som, og enda bedre, enn 2013. at me klarar å holda på rutinene våre.

kva tenkjer du å gjera annleis neste år?
tenkjer å effektivisera måten eg jobbar på, kanskje bli medlem i ein medlemsklubb, reisa meir for pleasure.

*translation:
the 2013 list.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *