answers on kids, drinks and a movie clip from my apartment.

Q: hadde det vært mulig å få en liten rundtur i leiligheta deres? har veldig lyst til å se. mulig at du har gjort det før uten at jeg har fått det med meg, men det hadde vært veldig interessant å se.
A: enn så lenge ser denne leiligheten slik ut:

eg dreiv på med å svara på desse spørsmåla og tenkte: ja! klart de skal få sjå akkurat korleis det ser ut her! midt på ein vekedag! med masse emballasje frå pakkar me hadde fått den dagen, og fullt papirbos og støvsugaren ute. sånn ser det nemlig ut her ganske ofte. me har nettopp bestemt oss for ein sofa me skal kjøpa, det blir så godt å få det i boks så me kan begynna å bu her på ordentlig. det første halve året me har budd her har livet liksom vore litt kaotisk med først bokskriving, også kom den ut, også har me reist så mykje. eg vil berre vera heime no, elskar denne leiligheten så. rotete eller ei.

Q: har du noensinne hatt en typisk kjip jobb?
A: sjølvsagt! eg har vore ein ganske dårlig ansatt fleire plassar. då eg var rundt 12 var eg avisbud, og var det verste avisbudet sidan eg aldri ville stå opp og var for kald. så pappa køyrte meg rundt, frå dør til dør. <3 har jobba på kafé og i fotobutikk også i vintagebutikk her i london. men eg hatar å jobba for andre, så for meg er alle “vanlige” jobbar kjipe.

Q: tror jeg husker for noen år siden at du skrev at din forlovelesring var fra dior, får vi se den?
A: sjølvsagt, klikk her. min er på “reparasjon”. i-en er litt bøygd.

sunday.

Q: hei! tenker på å flytte til london etter videregående nå og lurte derfor på om du kunne si litt om hvordan du opplever det å bo i byen? hva er bra, hva er ikke så bra osv. burde man være flere enn en og hvilket område vil du anbefale å bo i? på forhånd, takk. og forresten, du er flink!
A: eg elskar å bu i london og syns absolutt det er verdt det sjølv om det er dyrt. london er ein stor by og områda varierar så veldig. eg og jostein bur på new cross, det er sør for elva og derfor mykje billigare enn over. det kjem så veldig an på kva for person ein er, men eg likar meg veldig godt i sør, og i aust-london. nøkkelord for område eg likar: broadway market, dalston, chatsworth road, stoke newington, hoxton, hackney, newington green, de beauvoir town. der betalar ein dog typ minst 600 pund for eit rom i eit kollektiv, og det syns eg er litt loco. eg ville ikkje ha budd i vest eller typ rundt hampstead, for der skjer det veldig lite kult. og heller ikkje rundt whitechapel og shadwell, for det er litt shady. men du kjem til å få like mange forskjellige svar som personar du spør, og det kjem heilt an på kvar du skal jobba/gå på skule. det er som sagt ein enorm by, så om ein bur langt ifrå dit ein skal kan det gå vekk så utrulig mykje tid i reising.

Q: når man reiser på ferie, hvordan skaffer man seg “”leilighet”” da? hvis man bare skal være borte en uke? (eller pleier du å b på hotell/hostel?? hvor finner du/dere det?)
A: me leiger alltid gjennom airbnb, det er trygt og bra.

<3

Q: før skrev du at dere snart var klar for bryllup og barn, hva har fått dere til å ombestemme dere?
A: eg har lengta etter babies så lenge eg kan hugsa, typ ti år, men eg er ikkje klar for det og livet mitt er ikkje klar for det. før det kan skje må me ha det tryggare jobbmessig og reisa mindre enn me gjer no. pluss at eg har lyst til å vera meir berre meg, vera sjølvstendig og impulsiv og ung. også vil eg ha jostein heilt for meg sjølv litt lenger før me bestemmer oss for å laga nydelege små kvithåra krøllebarn. eg gler meg skikkelig til det, men eg kjem til å vera glad for at me venta litt til.

Q: hvilket program bruker du for å redigere video?
A: imovie eller adobe premiere pro, som eg lærte på skulen. imovie er superenkelt, dog. har óg begynt å bruka imovie-appen på telefonen.

Q: hva er den beste drinken du vet om?
A: moscow mule! må vera laga med bra vodka.

snaps.

Q: kunne du tenkt deg å skrive bok alene?
A: absolutt, det kunne både eg og jostein, og det ligg i framtida ein stad og ventar.

Q: når følte du at du virkelig hadde funnet din stil, når det kommer til utseende og interiør?
A: føler egentlig ikkje at eg er der enda. eg berre kjøper sånt eg syns er fint der og da og seinare kan eg vera uenig med meg sjølv eller veldig glad for kjøpet. men dragningen mot blomstermønster og porselen har vore der i omtrent 5-6 år!

*translation:
answers to your questions.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *