answers on the wedding, politics and being a role model.

thursday.

Q: kven er dine heltar når det kjem til å skape sin eigen arbeidsplass? eg veit du har nevnt elsie frå a beautiful mess før, kven fleire hentar du inspirasjon frå?
A: eg ser veldig mot mine svenske bloggsøstre; elsa, clara, emma, som har skapt nisjer for seg sjølv og har så enormt med driv. ingenting er meir motiverande enn det!

 

Q: hva er dine guilty pleasures?
A: dyr sjokolade, drosjeturar no og då, eit siste glas raudvin, å sova lenger enn eg burde.

 

Q: hvis man har en venninne som alt bare går galt for for tiden, hva er det beste man kan gjøre for dem? tips?
A: eg vil sei det kjem så veldig an på kor alvorlig det er. om det er sånt som ein veit at går over: inviter ho heim til deg, betal buss/flybillett om du må, send ho ei fin bok i posten, legg inn alarmar på telefonen hennar som minnar ho på at ho er bra. om det er meir alvorlig enn som så, vil eg absolutt anbefala at du pushar på for litt ordentlig hjelp. eg trur dei fleste hadde hatt godt av eit par timar med ein psykolog. ikkje på ein dømmande måte alls, men det finst jo desse fantastiske folka som har utdanna seg for å hjelpa andre og som kan læra vekk verktøy for å takla det når livet buttar imot.

first day back in london!

Q: how did you and J come up with the idea for your novel? what was the working process like? how did you keep on moving forward even when you felt like giving up the most?
A: i remember being on my back in our bed when i came up with the idea, we were just throwing ideas back and forth and suddenly there was a spark. it was something we wanted to start writing immidiately.

the working process went like this: every wednesday, we would go to a café and write together, and talk about what should happen next. then, we divided it into pieces and we each got pieces of action to write out. the rest of the week we would write alone, and then read through everything on wednesdays.

we are blessed with an amazing editor, she helps us through it when we feel stuck. but most of the time, it’s such a great thing being two writers since we are never in the same state of mind and can help nudge one another or take over and let the other one win their confidence back. which will happen often, especially when we are both working on other projects as well.

 

Q: har du dager hvor selvtilliten er på bånd? jeg har heldigvis dager hvor jeg tenker “hvorfor ikke meg? jeg kan få til alt” men i det siste føler jeg meg inkompetent og kompetanseløs. hva gjør du for å føle deg bedre hvis dette skjer deg?
A: eg har sånne dagar der eg tenkjer herregud, eg kan jo ingenting. kva skjer når alle finn ut at eg egentlig ikkje kan noko? det varar aldri spesielt lenge, fordi eg har ei grunnleggande tru på meg sjølv og den tek liksom litt over og dyttar meg tilbake til start. den har det derimot tatt meg lang tid å bygga opp. men når eg har sånne dagar, prøver eg helst å berre jobba med noko som eg veit at eg kan godt, eller så bakar eg (som jo óg er jobb for meg iblandt).  føler meg som ein superhelt når deigen hevar seg stor.

 

Q: when are you and your fiancé getting married? i’m looking forward to seeing wonderfully dreamy pictures! xx
A: when i know, i promise to let you know. the past two years have kind of been eaten up by writing this book together, and i don’t want to put any strain on our professional or personal relationship by planning a wedding on top of this crazy rollercoaster ride. we are back in business, working on our second book and i honestly don’t know when we’ll have the time or surplus of energy to do it, but it isn’t something i’m stressed out or worried about. i love being engaged and having that wedding to look forward to. that being said, very few couples who plan a wedding already work together and spend approx. 24 hours of the day together. at this point i’m just super happy spending so much time with him and that we are in a great place both professionally and personally. but i can’t wait to call him my husband.

 

Q: kva tenker du om selfies? og er du komfortabel foran kamera? har du evt. nokre tips for å trivast betre foran kamera?
A: eg tenkjer at denne selfies-kulturen for nokon kan vera heilt ufarlig mens for andre veit ein jo at det er akkurat det. eg merkar sjølv at eg blir meir oppteken av korleis eg ser ut i periodar eg postar bilder av meg sjølv, og at dette er fordi eg får konstante kommentarar på utsjånad. av den grunn unngår eg i lange periodar, der eg vil holda fokus på andre ting, å posta så mange bilder av meg sjølv. likevel er det kjempevanskelig som ein person som treng sosiale media for å “overleva”, eller i alle fall gjera det bra, sidan eg veit at eg får mykje meir respons, følgarar, kommentarar, likes, når eg viser meg fram sjølv. og det er ikkje alltid kobla til korleis eg ser ut, men at folk vil sjå personen bak orda og at eg óg kjenner på det med bloggarar eg fylgjer.

det er sjølvsagt veldig komplekst, og eg har ingen fasit, eg har sjølv bestemt for lenge sidan at eg prøver å ikkje gi andre kompliment basert på korleis dei ser ut, men korleis dei er. eg vil at folk rundt meg skal bli bekrefta fordi dei er bra, ikkje fordi dei ser bra ut. eg vil kle på meg om morgonen for min eigen del, sminka meg for meg sjølv fordi eg vil det, ikkje for at nokon andre skal syns eg er fin. sånn tenkjer i alle fall eg. eg er på ingen måte komfortabel framfor kamera, det er det veldig få personar som er. mitt beste tips: ver glad. alle ser bra ut på bilder når dei er glade.

my weekend.

Q: hvilke tanker gjør du deg rundt det å være et forbilde?
A: oi, for eit stort spørsmål. eg vil berre vera ein så bra og så ekte person som eg kan vera, gjera feil og gjera godt igjen. eg håpar at nokon som les her blir inspirerte av å høyra om feminisme eller å starta sjølv eller til å gjera det dei har lyst til. eg har jo eit ynskje om at folk skal konsumera mindre og bedre, eta mindre kjøtt, kjøpa meir brukt, ta buss og ikkje bil osv. men eg syns det er ein skummel tanke med !forbilder!, fordi ein ofte blir putta på pedestall og forventa å ikkje gjera nokon feil. og det er det jo ingen som kan leva opp til.

 

Q: hva synes du om at mange nå til dags eksponerer barna sine på blogger og sosiale medier?
A: eg syns det er eit problem at så mange skapar liv for borna sine på internett før dei eingong er født eller kan gå eller tenka noko om det sjølv. eg syns me alle har rett på å få skapa oss sjølve og at internett er ein stor del av det i desse dagar, at det er ei form for tjuveri når foreldre tek over og brukar dei små for å tjena pengar. kaldt, men sant. men dette er så nyansert, eg elskar jo sjølv å lesa om ungar og er såleis ein del av problemet. eg høyrte ein gong nokon sei at det måtte vera lov å skriva om og publisera bilder av ein baby, men grensa går så snart dei begynner å få personlighet og bli eigne personar. det høyrest ut som ein bra regel, syns eg. men det er jo ingen som veit korleis dette kjem til å gå, me er framleis i starten av det og kjem nok ikkje til å vita meir før om typ 15-20 år. spørsmålet er vel om det er verdt å ta risken.

eg syns at clara gjer det på ein fin måte med å skriva mykje om korleis det er å vera mor og forelder og legga ut veldig begrensa bilder av sønnen sin, ofte med blurry ansikt eller med ansiktet vendt vekk. eg syns bleubird virkar til å ha ein fantastisk vakker familie, men at eg kanskje syns utleveringen er meir ok fordi det er meir estetisk vakkert, og sånn skal det jo ikkje vera. det er veldig vanskelig, og eg anar verkeleg ikkje korleis eg sjølv kjem til å vera som mor. per dags dato legg eg aldri ut bilder av born der ein kan sjå ansikta deira, sjølv om foreldra syns det er okei.

 

Q: stemte du ved det siste valget?
A: jepp, eg stemmer sv.

 

 

 

*translation:
some answers to your questions.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Det med barn på nettet er noe jeg har begynnt å tenke over nylig, da en facebookvenninne la ut et ultralydbildet av sitt ikke enda fødte barn. Det gikk for langt, synes jeg. Fordi det er noe veldig privat, i alle fall for meg, og fordi barnet ikke ens har sett verdens lys.
    Det med å ikke vise ansiktene er en god idé, hvis man virkelig vil ha barna sine med på bloggen osv. Men egentlig burde man ikke gjøre det, før de selv skjønner hva det egentlig betyr. Min mening.