photo an hour, sunday.

photo an hour.
10:00
søndag vakna eg ti, trøtt men samtidig veldig klar for dagen. frå senga kunne eg høyra janne som låg i badekaret. me gjorde oss litt klare for dagen.

photo an hour.
11:00
eg smalt ihop ein tiramisu (min første nokon sinne) før me gjekk ut døra.

photo an hour.photo an hour.
12:00
me åt fantastisk frukost.

photo an hour.
13:00
me reiste inn til covent garden! (kan framleis ikkje tru at eg bur i denne byen)

photo an hour.
14:00
me shoppa!

photo an hour.
15:00
og me shoppa meir.

photo an hour.photo an hour.
16:00
og meir.

photo an hour.
17:00
klokka fem var det mørkt over oxford street og me var snart ferdige for dagen.

photo an hour.photo an hour.photo an hour.
18:00
me henta jostein på ein kafé, han er så søt når han lagar det til ein liten skulepult for seg sjølv. så gjekk me på polpo, der me åt oliven og drakk vin.

photo an hour.
19:00
me reiste frå polpo mot toget.

photo an hour.
20:00
janne såg morsom ut når ho las søndagsavisa på toget. elskar vår lille leseklubb.

photo an hour.photo an hour.
21:00
heime! me var slitne og janne la seg rett ned på golvet. eg mata ho med lesestoff og dårlige vitsar.

photo an hour.
22:00
eg laga middag, porsjonspizza med grilla aubergine og bøffelmozzarella og basilikum om ein vil det.

photo an hour.
23:00
også åt me tiramisu til dessert! supergodt var det.

photo an hour.
00:00
me såg på dei fine tinga me hadde kjøpt. hos meg: denne pluss god te.

photo an hour.photo an hour.
01:00 ->
så hoppa janne og jostein inn i ein tretimarsdiskusjon om barneoppfostring, som var ganske morsomt sidan ingen av dei har ungar eller planlegg det i nær framtid heller. eg sat i senga med regnsminke og las søndagsmagasin, som no er research for meg sidan eg skriv spalte! og det var den søndagen, gitt.

 

 

*translation:
my sunday, hour by hour. i woke up at ten and i could hear janne rolling around in our bathtub. we had dinner at a café, did a lot of shopping, wine at polpo and big newspapers on our way home. i made tiramisu (in the morning) for dessert and portion pizza. then we looked at the things we had bought and then, janne and j fell into a three hour conversation/rant which i listened to from bed with rainy eyeliner and the sunday newspaper magazines.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *