unpublished.

ganske ofte tar eg bilder med telefonen min som eg ikkje syns er bra nok for å bli publiserte på instagram, men som eg likevel held fast ved fordi eg ikkje hadde med kameraet og vil hugsa kvifor eg tok det.

Untitled
ein dag eg og jostein åt shortbread og drakk cappucino på new cross og det regna.

UntitledUntitled
to fine bilar eg såg. er så opptatt av bilar for tiden.

Untitled
katten mouse som eg og christine delte leilighet med i amsterdam, han ville alltid vera i badekaret og når han ikkje var der så var han anten på taket eller urinerte på kleda mine. oh well.

Untitled
ein augesjokolade i eit vassglas hos fredrik og frøy i oslo.

Untitled
på veg frå oslo til sogn. snø<3

Untitled
hotellfrukost på hotell fretheim i flåm.

Untitled
litt konsentrert kaffidrikking.

Untitled
på ein bussholdeplass før eg skulle heim til årdal og jostein skulle bli i flåm. elskar dette fjeset.

Untitled
min fine flotte mormor har nettopp flytta til sogn etter å ha budd i trøndelag heile mitt liv. så no har eg altså to bestemødre i heimbygda, og det er fantastisk. ho har teke med seg sånt som eg fekk arva, som dette serviset, som eg allereie har typ 30 kaffikoppar av før. eg elskar det så utrulig høgt og syns det er så fint å få arva ting tidlig så ein kan få sei takk ordentlig og til og med brukt det ihop!

Untitled
jostein på ein uteservering i roma, oppteken med dialogskriving og vindrikking. middels vin, bra bok.

Untitled
antony sine profiteroles, forrige veke. me åt alle.

Untitled
ein sofa som eg lurer på å kjøpa. likar modellen, men kanskje ikkje fargen.

Untitled
eit william eggleston-foto på tate modern.

Untitled
meg sjølv frå i dag. middels bra dag, topp bra person.

 

*translation:
unpublished pictures from my phone from the past weeks. cars, a cat, hotel breakfast, china i inherited from my grandmother, a sofa i’m thinking of buying and my great self on this very medium day.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *