the last day in rome.

rome through my phone.
måndag gjekk me på eit bakeri og åt frukost, før me gjekk vidare til vår einaste plan for dagen: kyrkjegården for ikkje-katolske utlendingar i roma. herregud det var så vakkert der, heilt overveldande. me gjekk rundt i det stille, eg tok bilder og las og vart rørt av så mange ting, spesielt denne gravsteinen:

rome through my phone.rome through my phone.
denne skulpturen, som heiter angel of grief, er laga av william wetmore story, og var hans aller siste skulptur. gravsteinen tilhøyrer emily story, william wetmore si kone, og dei er no gravlagt der ilag. altså dette er sånt som gir meg frysningar. den kjærleiken.

rome through my phone.rome through my phone.rome through my phone.rome through my phone.rome through my phone.rome through my phone.rome through my phone.rome through my phone.rome through my phone.rome through my phone.rome through my phone.
ja, de ser jo. så ufattelig vakkert, og på den første haustdagen i roma. det er ingenting som får meg til å føla meg så knytta til historia som å gå rundt på ein vakker kyrkjegard. det fantest krigsmonument frå sverige, noreg og danmark. p. a. munch kviler her óg. likar så godt at det er litt vilt og attgrodd, og at det finst davidsstjerner og keltiske kors om kvarandre.

rome through my phone.
også fann me oss ein benk ved keats si grav, og åt alt det gode frå bakeriet. keats har óg ei veldig trist grav, eller meir at det som var trist er at han aldri visste kor stor han var(t). han hadde bedt om at berre dette fekk stå på gravsteinen hans “Here lies One Whose Name was writ in Water”. men heldigvis fekk vennene hans bestemma, så før det står det “This Grave contains all that was mortal, of a YOUNG ENGLISH POET, who on his Death Bed, in the Bitterness of his heart, at the Malicious Power of his enemies, desired these words to be Engraven on his Tomb Stone”. typisk britisk, vil eg sei.

rome through my phone.
så sa me hadet til tenenbaum før me gjekk heim, pakka, og tok flyet heim til london.

*translation:
our last day in rome was spent in the non catholic cemetery for foreigners. so beautiful!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *