rome, day two.

rome, day two.
onsdag var det min tur til å kjøpa frukost. me likar å kjøpa frukost annankvar dag på ferie, så får me vore litt åleine og berre starta dagen heilt rolig.

rome, day two.
eg gjekk hit, og til bakeriet, og til matbutikken. me budde i eit veldig autentisk strøk av roma, nesten ingen som snakkar engelsk. altså ein ganske spennande prosess å kjøpa frukost, med tegnespråk og å prøva å uttala det som står på skilt og håpa det er rett.

rome, day two.
eg kjøpte grapefrukt-jus, frukostblanding og yoghurt, frukt og det grovaste brødet dei hadde som me åt med salami og honning-dijon.

rome, day two.
eg var trøtt men klar for roma.

rome, day two.
det var så godt og varmt ute, har ikkje hatt på kåpa éin einaste gong.

rome, day two.rome, day two.rome, day two.
me gjekk til trastevere og til kyrkja. eg elskar å besøka kyrkjer i roma, for det er alltid så mykje gull. eg og jostein tok kvarandre i hånda på at når me får oss eit slott skal taket på soverommet sjå sånn ut.

rome, day two.
drømmis. etterpå satte me oss på ein kafé og jobba ein heil masse med kaffe og vin(som har vore det me har gjort mest). jostein jobba på den nye boka vår, og eg jobba med neste spalte og ein annan liten tekst eg skriv på. så fint å kunna berre fritt dela over bordet, spørja og pussa på formuleringar eller komposisjon. elskar det.

rome, day two.rome, day two.rome, day two.rome, day two.
så shoppa me litt på ein fin vintagebutikk, jostein kjøpte nye fantastiske mansjettknappar.

rome, day two.
etterpå det spaserte me så himla mykje, til føtene datt av. me har ikkje tatt offentlig transport eller drosje på heile den veka me har vore her. det er ganske fantastisk og gøy. etterpå det har eg ingen bilder, men eg kan tippa at me 1. åt sjokolade. 2. drakk øl. 3. såg broen. 4. sovna glade.

 

*translation:
on our second day in rome, i was the one to get breakfast. after that, we walked to trastevere where we went to church. when we buy a castle, our bedroom ceiling will look like this, we shook hands on it. then we spent a lot of time writing different things, j bought some cufflinks and then we walked. a lot. in our one whole week here we have not taken public transportation or a cab even once. so amazing and fun. after that, there are no pictures but i can guess: 1. we had chocolate. 2. we drank beer. 3. we watched the bridge. 4. we fell asleep happy.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *