m + j = 9!!! <3

instagram october.

i dag feirar eg og jostein 9 år saman!!! natt til niande november 2004 spurte jostein om me var kjærestar no og eg sa “eg trur det” gjennom telefonrøyret. eg blir heilt blaut i hjartet av berre å tenka på det, kor fantastisk det er og kor utruleg fylt av kjærleik eg blir berre av å holda han i handa kvar dag, snusa han bak øyret på bussen og legga kinnet mot brystkassa hans om natta. om eg fekk ha berre eitt einaste minne skulle det vera kjensla av å krypa tilbake under dyna til den varme kroppen hans, etter å ha skrudd av alle alarmane. etter ni år følast det ganske bra at det framleis er ferskt og nytt og blankt, men óg sterkt og stødig og utan tvil. han er det finaste eg veit, det finaste raraste heitaste morsommaste mennesket som eg har møtt. han blir einsam om han ligg i badekaret for lenge, han brukar alle gullpengane sine på sløyfer, mansjettknappar, mjuke dressjakker og doble espressos. me reiste til versailles og han hadde med notatbok, for å ikkje gå glipp av noko, for å verkeleg sjå det. han les vanskeleg litteratur, kan bruka timesvis i knirkete bokhandlarstolar med djup rynke mellom augebryna, synga opera som ljomar gjennom veggen i leiligheten vår og faktisk få betalt for det. han drikk whiskey når me er ute seint på natta, kjøper store flasker med øl på impuls til ein onsdagskveld. han får meg til å føla meg så smart og forstått og fin og elska. han er kompleks og fantastisk og irriterande og intelligent og underfundig og vanskelig og morsom. dette er hardcore kjærleik.

jostein, eg elskar deg!!! i dag skal me kyssa, holda hender, snakka om kor fine me er og eta masse is!

 
*translation:
today, j has been my boyfriend for nine whole years. i love him to pieces. he is the most amazing person i have ever met, the hottest, funniest, most beautiful person. i love that he gets lonely in the bathtub and that he spends all his money on fancy things and double espressos, that he takes notes at versailles and the way his face looks all serious when he’s reading very old literature. he sings opera during the day and drinks whiskey in the evenings. he makes me feel so smart and understood and loved. this is hardcore love.

today we are going to kiss, hold hands, talk about how happy we are and eat a lot of gelato!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *