rome, day one.

rome, day one.rome, day one.
måndag landa me i roma. eg sovna på direkten i den store mjuke senga og sov til det var mørkt ute. så himla godt å vera på byferie så lenge at ein rekk å bli heilt avslappa og kunna sova utan stress. etterpå gjekk me ut og åt pizza utan kamera, berre sat og smilte til kvarandre over eit glas vin og masse mat. me leita etter gelato i regnet, sovna lukkelege og heilt pirrete av å vera i ein ny by.

tysdag vakna eg til at jostein hadde vore ute og kjøpt frukost. han hadde kjøpt alt han hadde lyst på: ciabatta, salami, pizza(!), pære- og kakaosyltetøy og pecorino. me åt oss proppande mette før me våga oss ut i den ufatteleg varme romadagen.

rome, day one.
i gata vår finst ein sånn liten rar butikk med leiketøy og fyrstikkøskjer og granatepler utanfor.

rome, day one.rome, day one.
me gjekk innover mot sentrum, stoppa opp for å nyta sola i augene og utsikten.

rome, day one.rome, day one.
av rein tilfeldighet gjekk me forbi capitol og dit måtte me jo gå opp.

rome, day one.rome, day one.rome, day one.
vidare gjekk me til pantheon der eg må inn fordi lyset er så fantastisk. plutseleg skjer det noko med skyene og vips er det magisk lys der inne. kunne ha vore der ein heil dag.

rome, day one.rome, day one.
vidare åt me sjølvsagt gelato. det står alltid øverst på lista. eg åt lakris og klementin, jostein åt mørk mørk sjokolade og whiskey. så gjekk me oss gjennom forferdelige piazza navona som er ødelagt av gateselgarar som vil selga stygge sjal og solbriller, så me gjekk vidare.

rome, day one.rome, day one.
til middag! me fekk meny på italiensk og tok det som eit bra teikn, så me berre sjangsa. jostein fekk saltimbocca(trygt valg), medan eg fekk ei slags minestronesuppe med poteter. godt!

rome, day one.rome, day one.
etterpå drakk me to cappucinos kvar på rappen og tok fram skrivesakene.

rome, day one.rome, day one.
også bestilte me like godt ei flaske vin på deling, så me sat der og skreiv på ymse jobbar, snakka så mykje om den nye boka me skriv på og tenkte mange lure tankar. ved sidan av oss fantest sjakkspelande herremenn med sigarar og frilansarar som drakk kaffe på kaffe på kaffe.

rome, day one.
etterpå gjekk me heim åt laga middag heime, det er så godt å kunna gjera det når ein har sett så lite av kvarandre i det siste. jostein laga pasta med fløyte- og pecorinosaus som me åt framfor ein episode av broen.

rome, day one.
etter det var det framleis tidlig, så me gjekk ut for meir gelato. me tok den minste dei hadde, eg hadde lakris og han hadde ein slags vassbasert sjokolade, den beste typen for då er sjokoladesmaken så mykje tydeligare(prøv å lag kakao med vatn, så sjuk forskjell).

rome, day one.rome, day one.rome, day one.
heilt til slutt satte me oss på ein fin bar/galleri/kafé i trastevere, drakk litt vin og såg på kvarandre, fotflørta under bordet. me gjekk heim heilt snurrete av vin og kjærleik og stoppa minst femten gonger, lot lyset gå frå raudt til grønt til raudt att før me eingong såg det.

 

 

*translation:
on our first day in rome, i woke up when j had been out to get breakfast! he had just bought everything he wanted, which meant pizza and pecorino. we walked and walked and stopped by capitol, pantheon and piazza navona(which was horrible – too many sellers). we had a lot of gelato and some wine, and actually got some work done at a café. dinner and home and more gelato in trastevere before we walked home slowly, stopping at every chance.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *